Elevbok i matematikk på ungdomssteget
Abstract
I denne rapporten ser forfattaren nærmare på bakgrunnen for bruken av elevbøker i matematikk på ungdomssteget. Rapporten inneheld nokre observasjonar av korleis elevar arbeider med elevbøkene sine. Desse observasjonane er gjort på ein ungdomsskule som ein del av eit toårig samarbeid med ein øvingslærar. I tillegg er det tatt med nokre eksempel frå elevbøker, og desse eksempla vert samanlikna med korleis dei ulike elevane gjorde det på ei kapittelprøve.
Til slutt følgjer ei drøfting om dette er eit godt pedagogisk verkty for elevar på ungdomssteget i matematikk og eventuelt kva elevar som er best tente med bruken av elevbøker - og kva rolle læraren bør ha i arbeidet elevane gjer med elevbøkene sine.