Etnisitet og nynorsk
Abstract
Denne arbeidsrapporten byggjer på det vitskapsteoretiske innlegget eg heldt ved Universitetet i Bergen (UiB) 25. januar 2001. Innlegget bar namnet ”Omgrepet ’etnisitet’ i ein norskspråkleg samanheng”, og vart godkjent som ledd i doktorgradsutdanninga eg har følgt. Fyrsteamanuensis Rasmus Slaattelid frå Senter for vitskapsteori og professor Gunnstein Akselberg ved Nordisk institutt, båe ved UiB, var opponentar til innlegget. Professor Helge Sandøy (UiB) har vore rettleiar undervegs i arbeidet med dette innlegget, som rettleiar for doktorgradsprosjektet ”Når skrift er tale”. I denne rapporten har eg tatt omsyn til innspel frå dei, og eg har også justert innhaldet noko på andre punkt. Dessutan har eg tatt inn anna materiale som er eigna til å kaste lys over emnet.