Matematikk i musikken – musikk i matematikken
Abstract
Grunnlaget for dette arbeidet vart lagt gjennom ein samtale med ein kollega på eit personalseminar for nokre år sidan. Samtalen dreia seg om eigenskapar ved instrument, om klangen i instrument og om stemming av instrument. Eg vart inspirert, og fekk straks lyst til å finne ut meir om desse emna. Etterkvart som eg arbeidde meg inn i det musikkteoretiske stoffet, vart det tverrfaglege aspektet mellom matematikk og musikk stadig meir framtredande for meg. Eg har opplevd arbeidet med dette stoffet som svært spanande og gjevande, og vonar at studentar og lærarar på ulike nivå innanfor utdanningssystemet, og andre med interesse for matematikk og musikk, også kan ha glede av å lese det. Kanskje kan det brukast som bakgrunnsmateriale og gje inspirasjon til tverrfaglege arbeid mellom desse to faga.