Bypolitikk i Møre og Romsdal
Abstract
Denne arbeidsrapporten er utarbeidd på oppdrag frå Møre og Romsdal fylke. Rapporten er å rekne som eit innspel i debatten om korleis det nye einskapsfylket kan utvikle si rolle som regional utviklingsaktør. Rapporten drøftar mellom anna dei tre byane Kristiansund, Molde og Ålesund si spesielle rolle i Møre og Romsdal, men understrekar at byane ikkje må sjåast isolert frå sine omland. Byane er også senter i arbeids-, bu- og serviceregionar (ABS-regionar) som har utvikla seg til funksjonelle einingar over tid. Desse regionane har så langt ikkje stått fram som sterke regionalpolitiske aktørar, og rapporten drøftar korleis fylket kan styrke både regionane og sin eigen legitimitet som regional utviklingsaktørar med å trekke ABS-regionane og dermed byane meir med i fylkesplanarbeidet.