Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBergem, Randi
dc.contributor.authorOlsen, Grethe Mattland
dc.contributor.authorSolvang, Brynhild
dc.date.accessioned2024-02-02T15:38:04Z
dc.date.available2024-02-02T15:38:04Z
dc.date.issued2004
dc.identifier.issn0805-6609
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3115359
dc.description.abstractOm lag 10 500 ekteskap vart oppløyste ved skilsmisse og 13 000 ektepar vart separerte i 2002. Det er 150 fleire skilsmisser og 250 fleire separasjonar enn i 2001. Skilsmisseraten, som vert rekna som skilde per 1000 gifte og separerte kvinner, var 11,9 i 2002. Det vil seie at i 2002 var det 11,9 skilsmisser per 1000 gifte og separerte kvinner (SSB 2003). Ut frå skilsmissemønsteret i 2002 er det rekna ut at 48 prosent av ekteskapa kan ende i skilsmisse (SSB 2003). Prosenten har auka frå 9,5 i 1960 til 47,4 i 1994. For åra 1995 til 1999 var prosenten lågare, medan den på nytt auka i perioden 2000 til 2002 (SSB 2003). Studiar viser at mange av dei som vert skilde får det vanskeleg både sosialt og helsemessig som følgje av skilsmisse (Thuen 2002). Men det er også mange som lever i parforhold som strevar, og det er viktig at desse får hjelp. I tillegg til å behandle problem som følgjer av skilsmisse eller eit vanskeleg parforhold, kan ein prøve å styrke samlivet og førebygge samlivsbrot medan paret har det relativt bra, eller før ei eventuell krise oppstår. Den sitjande regjeringa er oppteken av desse spørsmåla og meiner at: ”..ekteskapet er den beste rammen om barnas oppvekst, og vil verne og styrke ekteskapet som samlivsform (Sem-erklæringen).” Regjeringa ønskjer difor å medverke til at færre ekteskap og samliv går i oppløysing og vil styrke det førebyggande familiearbeidet. Eit tiltak er å føre vidare Tilskottsordninga til samlivstiltak, som mellom anna omfattar ulike former for samlivskurs. Ordninga vart oppretta i 1994, og vert nærare omtala under punkt 1.2. For å oppnå eit meir heilskapleg førebyggande familiearbeid vil regjeringa også styrke kompetansen og kapasiteten i familievernet og vidareutvikle foreldrerettleiingsprogrammet (St.meld nr 29 (2002-2003) Om familien - forpliktende samliv og foreldreskap). Dette er tiltak som kan medverke til å redusere ventetida i familievernet og førebygge samlivsbrot. Gjennom aviser og andre media ser vi også at samlivstiltak er eit tema i tida. Det er jamvel på trappene eit TV-program der samlivsekspertar skal gi hjelp til par nærast på direkten. Å styrke samliv og førebygge samlivsbrot er eit område det offentlege satsar på, og i familiemeldinga (St.meld nr 29 (2002-2003)) lanserer regjeringa ei satsing på gratis, frivillige samlivskurs til par når dei får sitt første barn. Regjeringa har i statsbudsjettet for 2004 løyvt fem millionar kroner til dette. Dette er eit tiltak som ligg utanfor Tilskottsordninga til samlivstiltak.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherMøreforsking Voldaen_US
dc.relation.ispartofseriesArbeidsrapport;155
dc.titleTango for to. Evaluering av Tilskottsordninga til samlivstiltaken_US
dc.typeReporten_US
dc.source.pagenumber131en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel