Einskapsfylket Møre og Romsdal ─ sett frå kommunane. Dokumentasjonsrapport
Abstract
Møreforsking Volda har på oppdrag frå Møre og Romsdal fylke gjennomført ei evaluering av ordninga med einskapsfylket. Oppdraget har vore delt i tre. Rapporten Einskapsfylket Møre og Romsdal – sett frå kommunane er resultat av den delen av evalueringa som har gått under namnet Kommunegransking knytt til prosjekt i einskapsfylket. Dette er dokumentasjonsrapporten frå denne evalueringa. I tillegg er det laga ein eigen rapport, der hovudresultata blir presenterte utan den dokumentasjonen som er med i denne rapporten.