Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorStokken, Roar
dc.date.accessioned2024-03-01T14:36:55Z
dc.date.available2024-03-01T14:36:55Z
dc.date.issued2003
dc.identifier.isbn82-7661-167-2
dc.identifier.issn0805-6609
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3120712
dc.description.abstractProsjektet denne teksten skildrar er hovuddelen av eit prosjekt for å styrke Høgskulen i Volda (HVO) sin kompetanse og posisjon innan bruk av IKT i etter- og vidareutdanningsmarknaden. Prosjektet er organisatorisk plassert under Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV). Denne rapporten er ein delrapport for tiltaket. Rapporten handlar om designen av ein kursmodell generelt og utviklinga av etter- og vidareutdanning i lese- og skriveopplæring spesielt. Målsetjinga med rapporten er å vise kva vi har gjort og tenkt i denne designprosessen. Den grunnen som læringsmiljøet er bygt på er av sosiokulturell karakter(Säljö 2001), og fokuset ligg i stor grad på den nære utviklingssona (Vygotsky 1978), praksisfellesskap (Lave & Wenger 1991), stillasbygging (Bruner 1997), kommunikasjon (Mercer & Wegerif 1998; Dysthe 2001) og artefakter sin ibuande kultur (Bruner 1997; Säljö 2001). Designmetodologien er bygt på grounded design(Hannafin 1997; Land & Hannafin 2000) og er den første fasen av eit formativt forskingsopplegg (Reigeluth & Frick 1999). Kursmodellen er blitt til i samarbeid med Statens utdanningskontor i Møre og Romsdal, er utvikla i tråd med nasjonale satsingsområde og utnyttar eksisterande kunnskapar, strukturar og nettverk (t.d. frå SAMTAK1 ). Rapporten er bygd opp av fire delar. Den første delen ser på problemramma for prosjektet. Her ser ein på dei føringane som har danna grunnlaget for tiltaket. Den andre delen ser på den teoretiske botnen som prosjektet er bygd på. Den er ein gjennomgang av det teoretiske grunnlaget som er nytta for undervisningsdesign, pedagogikk og didaktikk. Deretter ser vi på kursmodellen som er nytta og til slutt konkret på det tiltaket som er utvikla for studieåret 2002/2003. Prosjektet inkluderer to prosjekt: ”Pronett” og ”Lese og skrive”. For semestera haust 2002 og vår 2003 går desse to prosjekta parallelt, der tiltaksdelen er felles. ”Pronett” er eit prosjekt der den overordna målsetjinga med tiltaket er å skape kunnskap om korleis vi kan nytte Internett som arena for kunnskapsbygging i etter- og vidareutdanningsmarknaden. ”Lese og skrive” handlar om utvikling av eit etter- og vidareutdanningstilbod der nettstøtta læring er sentralt. Sidan forfattaren av denne rapporten er prosjektleiar for ”Pronett” har rapporten fokus på nettstøtta læring.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.relation.ispartofseriesArbeidsrapport;133
dc.titleFrå utfordring til tiltak. Utviklinga av ein nettstøtta kursmodellen_US
dc.typeReporten_US
dc.source.pagenumber62en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel