Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorYtterbø, Elin Hansen
dc.date.accessioned2014-01-22T10:17:56Z
dc.date.available2014-01-22T10:17:56Z
dc.date.issued2013
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/153790
dc.description.abstractMorsmjølk og amming blir rekna som ein viktig helseressurs for mor og barn. Ammeførekomsten i Noreg har hatt positiv utvikling dei siste 40 åra, medan keisarsnittfrekvensen har gått motsett veg. Ved fødselen startar 99 % av kvinnene å amme, men mange avsluttar tidlegare enn det styresmaktene tilrår. Keisarsnitt er ein av fleire faktorar som aukar risikoen for at fullamming (barnet får åleine morsmjølk) blir avvikla. Direkte hudtil-hud (HTH) kontakt mellom mor og barn, frå like etter fødselen til første amminga er etablert, blir rekna som eit viktig tiltak for ammestarten. Ved fleire fødeinstitusjonar blir tiltaket også praktisert ved planlagt keisarsnitt. Formålet med denne kvalitative studien var å få kunnskap om foreldres oppleving av ammeprosessen når fødemåten var planlagt keisarsnitt. Kva såg dei som vilkår for å skulle meistre amminga, og korleis opplevde dei tilrettelegging for amming under sjukehusopphaldet? Sentralt i utforskinga var korleis foreldreparet opplevde barnefars rolle i ammeprosessen. Studien er ein retrospektiv kasusstudie og inkluderer fire foreldrepar. Mannen og kvinna i kvart foreldrepar blei intervjua kvar for seg. Dei uttalte seg om den same fødselen og ammeperioden. Alle hadde erfaring med amming frå tidlegare, og dei var innstilt på å amme også denne gongen. Journalgjennomgang frå barselopphaldet er brukt som supplerande datakjelde. Keisarsnitta blei utført ved to ulike sjukehus på Vestlandet. Det er gjennomført narrativ analyse basert på fortetta historier om dei fire foreldrepara. Tre berande element blei utarbeidd frå historiene: amming – naturleg og sjølvsagt, foreldre i møte med ekspertsystem, og amming og foreldreskap. Vidare blei det utvikla underkategoriar for bruk i drøfting med tidlegare forsking og teori. Foreldras opplevingar av ammeprosessen kan summerast i følgjande hovudpunkt: • I svangerskapet var foreldra lite opptatt av den komande ammeperioden. Dei såg amming som naturleg og sjølvsagt også når fødselen skulle skje ved keisarsnitt. • HTH-kontakten mellom mor og barn like etter fødselen blei ikkje opplevd einsidig positivt av foreldra. Dei forklarte dette med lukt av blod og fostervatn, plassmangel, kvalme og svimmelheit. Foreldrepara var også lite budde på denne praksisen ved keisarsnitt. • Foreldrepar opplevde seg som ei eining under barselopphaldet. Erfaringa deira viste at personalet ikkje alltid såg det slik. Foreldra forstod ikkje kvifor dei ikkje fekk bu saman under barselsopphaldet når det var det dei ønska. • På ulikt vis opplevde foreldrepara ammeprosessen som eit felles prosjekt. • Dei fire mennene brukte i større og mindre grad «vi»-forma når dei snakka om amming. Nøkkelord. Keisarsnitt, keisersnitt, amming, morsmjølk, morsmelk, barnefar, far, partner, hud-til-hud, hud-til-hud kontaktno_NO
dc.description.abstractSummary Breast milk and breastfeeding are considered important health resources for both mother and child. Norwegian breastfeeding rates have had a positive development over the past 40 years, whereas caesarean section rates have gone in the opposite direction. At birth, 99% of women start breastfeeding, but many cease breastfeeding earlier than recommended by the authorities. Caesarean sections are one of the factors that increase the risk of exclusive breastfeeding being ceased. Direct skin-to-skin (STS) contact between mother and child, from immediately after birth and until the first breastfeed has been established, is considered an important step for the initiation of breastfeeding. The purpose of this qualitative study is to gain knowledge of the parents' experience of the breastfeeding process when the birthing method is a planned caesarean section. What did the parents see as prerequisites in order to master breastfeeding, and how did they facilitate the breastfeeding during the hospital stay? A central part of the study is aimed at finding out how the parents experienced the father's role in the breastfeeding process. The study is a retrospective case study of four sets of parents. The man and woman of each couple were interviewed separately. They spoke about the same birth and breastfeeding period. All of them had previous experience with breastfeeding, and had intentions of breastfeeding this time as well. Medical records from the post-natal ward have been used to supplement the available data. The caesarean sections were carried out at two separate hospitals in Western Norway. A narrative analysis has been carried out based on condensed stories about the four couples. Three main elements were derived from their stories: breastfeeding – a natural and obvious choice, the parents' experience of expert systems, and breastfeeding and parenthood. Furthermore, theories were formed for the discussion of existing research and theory. The parents' experiences of the breastfeeding process can be summarised as follows: • During the pregnancy, the parents were not concerned about the upcoming breastfeeding period. They considered breastfeeding to be a natural and obvious choice, even if the birth itself would be a caesarean section. • The STS-contact between mother and child immediately following the birth was not experienced as solely positive by the parents. This was explained by the smell of blood and amniotic fluid, lack of space, nausea and dizziness. • The couples considered themselves a unit during the stay at the post-natal ward, but their experiences demonstrate that staff did not always share this view. • In various ways, the couples considered the breastfeeding process to be a joint project. • The four men used the word 'we' to a greater or lesser extent when discussing breastfeeding. Key words: caesarean, caesarean section, caesarean delivery, cesarean, cesarean section, cesarean delivery, c-section, breastfeeding, lactation, breastfeeding support, breastfeeding cessation, partner, father, skin-to-skin, skin-to-skin contact.en
dc.language.isonnono_NO
dc.subjecthud-til-hud kontaktno_NO
dc.subjectkeisarsnittno_NO
dc.subjectmorsmjølkno_NO
dc.subjectfedrarno_NO
dc.subjectpartnararno_NO
dc.subject.ddc616.86
dc.subject.ddc618.9201
dc.subject.ddc649.33
dc.subject.ddc612.664
dc.subject.ddc306.8743
dc.subject.meshCesarean Sectionen
dc.subject.meshLactationen
dc.subject.meshBreast Feedingen
dc.subject.meshFather-Child Relationsen
dc.subject.meshMother-Child Relationsen
dc.subject.meshInfant, Newbornen
dc.titleGod ammestart - også ved keisarsnitt? Foreldreopplevingar av ammeprosessen når barnet blir fødd ved planlagt keisarsnittno_NO
dc.typeMaster thesisno_NO
dc.subject.nsi829
dc.subject.nsi804
dc.subject.nsi220


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel