Skuleutvikling i eit OU-perspektiv. Fire artiklar.
Abstract
I samband med ny læreplan for skuleverket i 2006, er det såkalla Kunnskapsløftet lansert. Mellom anna set Kunnskapsløftet skuleutvikling i fokus. Hovudmålet med denne rapporten er å gje idear og frimod til å gjennomføre utviklingstiltak i ulike organisasjonar, i offentleg sektor like gjerne som i privat sektor. Dei konkrete døma i rapporten er tekne frå ein skule, men dei ulike metodane er også utprøvde i andre samanhengar. Eg meiner derfor at dei med litt tilpassing kan brukast i dei fleste organisasjonar, men altså ikkje minst i skular. Rapporten er redigert som ei samling av fire artiklar. Den første er meint som ein introduksjon til skuleutvikling i eit organisasjonsutviklingsperspektiv, og i tillegg gjev han ein kort presentasjon av dei tre andre artiklane og av NCS. Dei tre siste artiklane presenterer kvar sine innfallsvinklar til skuleutvikling, høvesvis situasjonsanalyse, målformulering og vurdering. Artiklane er forsøkt skrivne slik at dei kan lesast kvar for seg, men likevel supplerer kvarandre. For å understreke samanhengen mellom artiklane, er vedlegga samla til slutt.