Regionaløkonomisk blikk på utkantbutikkar
Abstract
Dette notatet er skrive som ein del av forskingsprosjektet Nærbutikkens rolle i lokalsamfunnet, som Møreforsking Volda har arbeidd med på oppdrag frå Merkantilt kompetanseprogram for utkantbutikkane i regionane. I utlysingsteksten blir det bedt spesifikt om å gjere berekningar på kva regionaløkonomiske vinstar kommunen kan ha av ein godt fungerande utkantbutikk. I tilbodet vart dette tolka som eit ønskje om ein samfunnsøkonomisk analyse for heile samfunnet, med alle sine ulike aktørar, som held til på kommunen sitt geografiske område. Det er denne sida av prosjektet eg har arbeidd med.