Skjult deltakande observasjon – ein etisk forsvarleg metode innan medieforsking, og på kva vilkår?
Abstract
Kan skjult deltakande observasjon vere ein etisk forsvarleg metode innan medieforsking, og på kva vilkår? Metoden strid tilsynelatande mot det aller viktigaste av alle etiske prinsipp innan all forsking: at deltaking skal vere frivillig og at dei som er informantar skal ha kjennskap til formålet med forskinga dei er med på, gjerne kalla "informert samtykke".