Dei nye studentane på barnevernspedagog- og sosionomstuidet 2011
Abstract
"Institutt for sosialfag fekk eit ekstra stort kull med nye studentar på studia i
barnevernspedagogikk og sosionom hausten 2011. Særleg på sosionomstudiet auka søkinga
sterkt frå 2010 til 2011. Vi vart derfor interesserte i å finne meir ut om kva bakgrunn dei nye
studentane hadde, og kva deira motivasjon var for å søke seg til desse studia ved Høgskulen i
Volda. Vi laga derfor eit lite spørjeskjema som vart delt ut til studentane den første veka på
høgskulen i august 2011."