dc.description.abstract | Hareid kommune har i perioden 2004 til 2007 gjennomført ei omstilling og omorganisering både av den administrative og politiske organiseringa. Målsetjingane for arbeidet var 1. Betra økonomi. 2. Auka attraktivitet både i høve til næringsliv, brukarar, innbyggjarar og eigne tilsette. 3. Større evne til å løyse nye og endra behov og... 4. Betre styringsdialog mellom politikk og administrasjon.
Det viser seg at måla er nådd i vekslande grad. Økonomien er i 2010 under kontroll, men ikkje god. Innbyggjartalet i Hareid har vakse og næringslivet er brukbart nøgde. Styringsdialogen mellom politikarar og administrasjonen ser ut til vere betra. Kor nøgde dei tilsette er, varierar likevel mellom ulike tenesteområde.
Sidan måla er breie og årsakssamanhengane uklare er det vanskeleg å seie i kor stor grad omstillinga og omorganiseringa har bidrege til endringane som er avdekka. Det er forsvarleg å seie at omstillinga i brei forstand har bidrege til å halde utgiftene i kommunen nede. Det er likevel ikkje eintydige tal som viser at tenestene har vorte dårlegare, noko sym tyder på at effektiviteten har auka. Den administrative omorganiseringa har bidrege til ei omdisponering av ressursar internt i organisasjonen, men den har også skapt misnøye i delar av organisasjonen. Ikkje uventa er dei tenesteområda som hår fått tilført ressursar og mynde meir nøgde enn tilsette ved dei andre tenesteområda.
Den politiske omorganiseringa har delvis hatt positiv effekt på samordning, men svakare på effektivitet i form av raskare saksgang. Den nye politiske organiseringa slår dårleg ut på indikatorar for demokrati. Lønsutgiftene til politisk arbeid har gått noko opp i perioden.
Generelt meiner fleirtalet av politikarane at omstillinga er meir positiv enn negativ, medan fleirtalet av dei tilsette meiner det motsette. | no_NO |