• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Rapportar og andre skrifter
  • Notat
  • View Item
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Rapportar og andre skrifter
  • Notat
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Magdalene Thoresen og Sunnmøre. Forfattar blant embetsmenn og bønder

Ørstavik, Beate Moltubakk
Working paper
Thumbnail
View/Open
Notat 1_2013_Moltubakk.pdf (538.8Kb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/154158
Date
2013
Metadata
Show full item record
Collections
  • Notat [124]
Abstract
Innleiing

Fokus i denne artikkelen er kulturmøtet mellom bondeallmugen og eliten på Sunnmøre, sett frå Magdalene Thoresens bok Billeder fra Vestkysten af Norge, som kom ut i 1872. Magdalene Thoresen (1819-1903) budde i Herøy frå1842 til 1844. Ho kom attende dit i 1871 for å gjere grunnlagsarbeid for boka som skulle vere hennar ”livsbilleder”.

Gjennom livet gjorde Magdalene det vi kan kalle ei «klassereise». Ho kom frå fattige kår i Danmark og reiste til Herøy som guvernante for prost Hans Conrad Thoresen sine born. I 1843 vart ho gift med prosten. Ho blei då til ein viss grad inkludert i embetseliten. For å kunne forklare Magdalenes tolking av bondestand og embetsstand vil oppveksten og klassereisa hennar vere viktig som eit bakteppe.

Problemstilling Problemstilling Problemstilling Problemstilling Problemstilling Problemstilling Problemstilling

Problemstillingane mine er: Kva syn på bondeallmugen gir Magdalene til kjenne i Billeder? Kva syn kjem fram om embetsmenn, og korleis er møtet mellom desse to stendene: bonde- og embetsstand? Kva er ståstaden til Magdalene; er ho ein framand mellom desse stendene eller kjenner ho seg som del av dei: bonde eller embetseliten? I tillegg til dette vil eg stille spørsmål om kva målsetjing Magdalene eigentleg hadde med boka, og kvifor ho eventuelt måtte gjere kompromiss.

Eg vil nytte Bourdieus omgrep om kapital og sosial mobilitet som analysebakgrunn til ei forklaring på korleis Magdalene kunne gjere denne klassereisa, og korleis dette pregar synet hennar.

Eg skal først skrive litt om Magdalene sin barndom og oppvekst for å kunne greie ut om korleis dette har påverka synet hennar på møtet mellom stendene. Deretter vil eg gi eit innblikk i Magdalenes forhold til Sunnmøre og kva ho ville med boka. Vidare vil eg gi døme på kva Magdalene skriv om dei ulike stendene: bonde- og embetsstand og møtet mellom dei. Avslutningsvis vil eg gjere ei oppsummering/ konklusjon som relaterer seg direkte til problemstillingane
Publisher
Høgskulen i Volda
Series
Notat / Høgskulen i Volda [og] Møreforsking;2013:1

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit