Kokken lagar mat! Utøving og utvikling av yrkeskunnskap på kjøkenet sett i lys av 2300 år gamle kunnskapsformer
Abstract
Tema for rapporten er utøving og utvikling av yrkeskunnskap i kokkfaget. Bakgrunnen for arbeidet er resultat frå andre forskingsprosjekt i masterstudiet og innføringa av den nye reforma, kunnskapsløftet, i den vidaregåande skulen. Analyse av litteratur, observasjon og intervju av yrkesutøvarar er metodane som er brukt for å finne svar på problemstillinga: ”Korleis kan Aristoteles sine gnosis-former brukast til å skildre yrkeskunnskap og utvikling av yrkeskunnskap innanfor kokkfaget?” I rapporten vert yrkeskunnskapen til kokken, skildra gjennom Aristoteles sine gnosis former: Epistêmê, poíêsis, praxis, khrêsis og páthos.