Ekstremsport, business og bulyst. Om samanhengen mellom ekstremsport, reiseliv og busetting
Abstract
Ekstremsportsarrangement på Vestlandet byggjer på unike kvalitetar og kunnskapar i sine lokalsamfunn. Samtidig appellerer dei til ei stor gruppe unge menneske. Dette gjer at arrangementa potensielt kan bidra til å marknadsføre regionale fortrinn og på den måten til utvikling av reiseliv, nye verksemder, bulyst og busetnad. Det siste kan også gjelde rekruttering til næringslivet. Vi meiner dette potensialet er for lite utnytta og har i rapporten utforska samanhengane nærare.