• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Rapportar og andre skrifter
  • Rapportar
  • View Item
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Rapportar og andre skrifter
  • Rapportar
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Regionale aktørar sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling på Vestlandet

Dvergsdal, Geirmund; Grimsrud, Gro Marit; Olsen, Grethe Mattland
Research report
Thumbnail
View/Open
Rapport 20.pdf (1.336Mb)
URI
http://hdl.handle.net/11250/154209
Date
2011
Metadata
Show full item record
Collections
  • Rapportar [138]
Abstract
Denne rapporten er skriven på oppdrag frå Kompetansesenter for distriktsutvikling (Distriktssenteret).

Føremålet har vore å auke kunnskapen om korleis regionale aktørar arbeider med bygde- og

lokalsamfunnsutvikling (BLU). Arbeidet er avgrensa til fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og

Romsdal.

Møreforsking og ideas2evidence har fokusert på kva arbeidsmåtar, inkludert kva former for samarbeid, dei tre

aktørane Fylkesmannen, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge nyttar for å nå ut til lokalsamfunna med sitt

utviklingsarbeid. Med utgangspunkt i at fylka får likelydande oppdrag frå departementa, der berre

pengesummen er spesialtilpassa det einskilde fylket, har vi lagt vekt på å få fram i kva grad, på kva måte og

kvifor arbeidsmåtane likevel varierer frå fylke til fylke. For å få fram dette har vi intervjua representantar frå

Fylkesmannen og Fylkeskommunen i kvart av fylka, og trekt inn representantar frå Innovasjon Norge der dei

har vore sentrale samarbeidspartnarar.

Med bygde- og lokalsamfunnsutvikling meiner vi arbeid og tiltak som stimulerer til at bygder og andre

lokalsamfunn skal bli gode stader å bu i. Arbeidet er kopla til eit sett verkemidlar som skal mobilisere aktørar i

lokalsamfunna til å ta tak i lokale ressursar for å utvikle gode sosiale arenaer og næringsverksemder. Det ligg

såleis eit bottum-up perspektiv til grunn for satsinga. Bygde- og lokalsamfunnsvikling er kollektive tiltak; det skil

seg frå vanleg næringsutvikling ved at tiltaket skal komme lokalsamfunnet til gode, og ikkje berre

entreprenøren/bedriftseigaren. Ein skal med andre ord på å stimulere kollektivt entreprenørskap.

I rapporten ser vi at dei fire Vestlandsfylka har gripe det handlingsrommet dei har fått av departementa til å

utforme bygde- og lokalsamfunnsutvikling på litt ulike vis. Vår oppgåve har vore å samanlikne og vise korleis dei

fire fylka driv bygde- og lokalsamfunnsutvikling . Vi har derfor ikkje gått i djupna på kvifor ulike modellar har

vorte valt, men antyder det heng saman med den regionale konteksten. Med regional kontekst tenkjer vi ikkje

berre på at behov og interesser knytt til ulik nærings- og busetnadsstruktur (senterstruktur) er forskjellig, men

og det at kvart fylke gjennom tidene har utvikla arbeidsmåtar og nettverkskonstellasjonar som ikkje lar seg

endre over natta sjølv om signal ovanfrå, frå staten eller frå eigne leiarar, tilseier at det er ønskeleg.Dei tre viktigaste dimensjonane vi har samanlikna fylka etter er

- Regionalgeografisk kontekst og fordeling av ressursar mellom sentrum og periferi

- Korleis dei organiserer arbeidet og korleis dialogen med lokale samfunnsentreprenørar

- Organisering og partnarskap

Rogaland: Marginal og integrert del av ‘regional utvikling’

Med ti byar av ulik storleik, sterkt press på infrastruktur og arealbruk og eit næringsliv som stiller store krav til

offentleg tilrettelegging, har arbeidet med utvikling av bygder og lokalsamfunn hatt låg prioritet i Rogaland.

Rogaland er da også det fylket som - ut frå ‘objektive kriterier’ knytt til befolkningsstruktur og omstillingsbehov

– har fått færrast kroner frå departementa til dette føremålet.

Hos fylkeskommunen er arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling eit marginalt arbeidsfelt som er

vanskeleg å skilje ut frå arbeidet med regional utvikling i si alminnelegheit. Dei har soleis valt å bruke mykje av

midlane på infrastrukturtiltak, mellom anna av di dei meiner at gode pendlingsmoglegheiter til byar og

tettstader styrker busetnaden i landlege strøk.

Ein anna viktig strategi for Rogaland er å utvikle matnæringa. Så sjølv om bygde- og lokalsamfunnsutvikling er

definert som eit eige innsatsområde hos Fylkesmannen, så er arbeidet i hovudsak knytt til å ta vare på og

utvikle eit aktivt og effektivt landbruk. Dette fordi dei meiner bygdene kjem styrka ut av å ha eit solid

tradisjonelt bein å stå på. Då blir det lettare å utvikle nye næringar også.

For å nå ut til lokalsamfunna med sine satsingar, arrangerer Fylkesmannen og Fylkeskommunen årleg til ein

konferanse for å invitere kommunar, regionråd og næringsliv til å søkje prosjektmidlar til bygde- og

lokalsamfunnsutvikling. Dei stiller gjerne opp i styringsgrupper og liknande til dei prosjekta som vert finansiert.

I dette ligg det potensiale for dialog og gjensidig læring. Likevel sit vi igjen med eit inntrykk av at dei regionale

aktørane, i alle fall fylkeskommunen, i liten grad er opptekne av å vere i dialog med, eller proaktive i forhold til,

lokalsamfunnsentreprenører.

Hordaland: Proaktivt, ”ei dør”-politikk i vel-utvikla partnarskap

I Hordaland har Fylkesmannens landbruksavdeling, Fylkeskommunens regionalavdeling og Innovasjon Norge

funnet saman i ein partnarskap for å ta seg av arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Dei er opptekne

av å stå fram som “ei dør” og frontar ikkje at dei kjem frå ulike institusjonar. I praksis driv dei utviklingsarbeid

gjennom å reise ut i lokalsamfunna – saman - for å informere, mobilisere og bidra med kompetanse. Prosjekta

dei støtter skal vere kollektive tiltak, drive av fleire lokale aktørar, og kommunen skal ha ei forpliktande rolle i

arbeidet. Satsinga er samtidig fylkesnivået si satsing på Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK), og er an.no: ein nettportal

- LivOGlyst: Prosjekt initierte og drivne av kollektive entreprenører for å auke verdiskaping og

trivsel på lokalt nivå.

- Kommuneprosjektet: Styrke førstelinetenesta for næringsutvikling i kommunane .

Partnarskapen er aktive ute i felten for å vere i dialog og få opp de gode prosjekta. I motsetning til Rogaland er

Bygde- og lokalsamfunnsutvikling er eit tydeleg satsingsfelt i Hordaland. Dei er også opptekne av å få bynære

strøk med i satsinga, men hittil er minst 95% av midlane brukt til tiltak i distrikta. BLU- satsinga består av ter

element

Sogn og fjordane: Tilbaketrekt rolle som finanisør av utviklingsprosjekt

Arbeidet med bygde og lokalsamfunnsutvikling i Sogn og Fjordane er organisert i eit partnarskap mellom

Fylkesmannens landbruksavdeling, Næringsavdelinga og Planavdelinga i fylkeskommunen og Innovasjon Norge.

Midlane som blir avsett til BLU er ikkje slått saman i ein pott slik som i Hordaland, men vert administrert av kvar

avdeling for seg. Tilnærminga til bygde- og lokalsamfunnsutvikling skil seg også mellom dei ulike avdelingane.

Fylkesmannens landbruksavdeling driv størsteparten av sin aktivitet direkte inn mot bygder og lokalsamfunn,

Innovasjon Norge i hovudsak mot bedrifter og etablerarar, medan næringsavdelinga og planavdelinga opererer

meir i dialog med kommunar og organisasjonar, høvesvis med næringssaker og plansaker. Ein kan såleis slå fast

at aktørane innan partnarskapen har ei klar arbeidsdeling – med ansvar for sine felt.

I føringar frå sentralt hald ligg det forventningar om at fylkesmannen si rolle skal vere meir tilbaketrekt, med

meir ansvar for kontroll, medan fylkeskommunen skal ha rolla som utviklingsaktør. For Sogn og Fjordane

fungerer framleis den gamle rolleinndelinga. Representantar for fylkeskommunen opplever ikkje at dei har vore

svært aktive i utviklingsrolla så langt, og dei har heller ikkje oppfatta at FMLA si rolle har vorte meir tilbaketrekt. Som leiar i partnarskapet, er dei innforstått med at dei bør ha ei leiande rolle i utviklingsarbeidet, men det

betyr ikkje at ikkje FMLA må vere med. I tillegg er dei klare på at også Innovasjon Norge må vere med.

Gjennom kartlegging av BLU-aktiviteten i Sogn og Fjordane sit vi igjen med eit inntrykk av at dei fire

avdelingane meir opptrer som støttespelar og instans for fordeling av økonomiske midlar og støtteordningar

enn ein utviklingsaktør/pådrivar for kommunar og lokalsamfunn. Fylkesmannen ser det som viktig å

myndiggjere dei som skal drive tiltaka ute i lokalsamfunna. Fylkeskommunen er oppteken av å styrke

kommunane i deira utviklingsarbeid gjennom å auke deira kapabilitet. Få konkurrerer med dei offentlege

aktørane i Sogn og Fjordane om rolla som utviklingsaktør – det offentlege tek etter vår oppfatning ei litt

tilbaketrekt rolle som støtteapparat for kommunane – dei er mindre proaktive enn dei andre fylka.

Møre og Romsdal: “Ei-dør”-politikk med proaktiv rolle i lokale utviklingsprosjekt

Gjennom “Einskapsfylke” har avdelingane på fylkesnivå fått god kjennskap til kvarandre sine arbeidsområder

og metodar. I likskap med Hordaland er Møre og Romsdal oppteken av å vere ein kompetanseinstitusjon for

kommunane i fylket. Dei ønskjer ikkje berre å bli sett på som ein bank eller ein pengesekk, men vil først og

fremst vere etterspurt på grunn av kompetansen. Pengane dei disponerer skal smørje systemet. Dei ønskjer å

vere ein aktiv og tydeleg medspelar i arbeidet med å sikre bærekraftig vekst, verdiskaping, nyetablering,

forsking og utvikling, attraktive og dynamiske lokalsamfunn. For å oppnå dette ser dei det som naudsynt å vere

i dialog med kommunane og avdekke både kva som er felles utfordringar og kva som er spesifikt for den

einskilde kommune. Arbeidet med bygde- og lokalsamfunnsutvikling i Møre og Romsdal blir fronta under ein

felles paraply – Hoppid – som partnarskapen har definert som eit felles ”varemerke”. Dei ulik avdelingane på

fylkesnivå står samla om å ha ein tett dialog og samarbeid med kommunane.

Dei har ei brei tilnærming til lokalsamfunnsutvikling gjennom å involvere både byar og omlandskommunar; i

likskap med Hordland ser dei at dette har vorte viktig for å auke bustadsattraktiviteten og såleis også

rekrutteringa av høgt kvalifisert arbeidskraft. Brei mobilisering gjennom Sunnmøre i framtida og tilsvarande

prosess i Romsdal og Nordmøre, skal bidra til at regionane finn fram til viktige satsingsområde og likeeins

utviklar ei erkjenning av nytten av å dra lasset i lag.

--

Alle fylka har ei brei forståing av kva bygde- og lokalsamfunnsutvikling skal dreie seg om; alle er opptekne av at

det er eit arbeid som i prinsippet skal gjelde heile fylket, både by og land. Med unnatak av Rogaland, der BLU er

integrert i infrastrukturtiltak innafor regional utvikling, har det har likevel vist seg vere vanskelig å få med

prosjekt frå dei største byane og deira omland. Det kjem truleg av at lag og organisasjonar i desse område ikkje

har tradisjon for å opprette slike prosjekt og for å få dei delfinansiert av det regionale nivået. Dei som jobbar

med BLU har heller ikkje tradisjon for å fokusere på sentrale område eller område i vekst.

Miljøa som jobbar med bygde- og lokalsamfunnsutvikling er oversiktlege i alle fylka. Dei har utvikla eit godt

fungerande partnarskap som fungera godt på tvers av organisasjonane, i Rogaland og Sogn og fjordane det står

att noko arbeid for å klare å opptre samordna ut mot brukargruppene; slik dei i stor grad har klart i Hordaland

og Møre og Romsdal.

Arbeidsmåtane varierer noko også. I Rogaland (gjeld fylkeskommunen meir enn fylkesmannen) og Sogn og

fjordane er dei i mindre grad enn dei to andre fylka opptekne av å vere proaktive ut i kommunane for å heie

fram og hjelpe til med å få i gang gode utviklingsprosjekt. Dei sit i større grad å ventar på søknader frå aktørar

på lokalt nivå. Møre og Romsdal og Hordaland har nokså like måtar å arbeid på innanfor dette feltet.
Publisher
Møreforsking Volda
Series
Rapport;20

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit