Lokalt og regionalt folkehelsearbeid 2007-2010. Oversyn over resultat frå evalueringane av tiltaka: Partnarskap for folkehelse, Helse i plan og Kommunehelseprofilar
Ouff, Susanne Moen; Bergem, Randi; Hanche-Olsen, Marte; Aarflot, Unni; Vestby, Guri Mette; Hofstad, Hege; Helgesen, Marit Kristine
Abstract
Denne rapporten er ei oppsummering av dei tre folkehelsetiltaka Partnarskap for folkehelse, Helse i plan og Kommunehelseprofilar. Målet med rapporten er å gje ei kortfatta oversikt over kva dei enkelte tiltaka går ut på, korleis dei er organiserte og kva erfaringar fylka og kommunar har gjort seg i arbeidet med desse tiltaka. Rapporten summerer også opp forhold som er viktige for at ordningane skal fungere best mogleg. I tillegg til dei tre nemnde tiltaka, er Tilskotsordninga til lavterskel fysisk aktivitet evaluert. Resultata frå evaluering av ordninga er ikkje inkludert i den oppsummerande rapporten, men finst i rapporten Fra sofaen til sykkelsetet. Evaluering av Tilskotsordninga til lavterskel fysisk aktivitet (Bergem, Ouff, & Aarflot, 2008).
Rapporten går ikkje inn på metodisk og teoretisk forankring av evalueringsarbeidet. Den går heller ikkje i djupna på viktige analysar som dannar grunnlag for forskarane sine avsluttande kommentarar. For meir utfyllande informasjon om folkehelsetiltaka og kunnskap om evalueringsarbeidet, sjå rapportane som er omtala i forordet.
I tillegg til desse rapportane har det blitt skrive ei masteroppgåve om temaet: Norborg, R. W. (2009). Medvirkning i samfunnsplanlegging og helsefremmende arbeid – mellom politikk og realitet. Oppgåva er gitt ut som Arbeidsrapport nr. 3. Volda: Møreforsking Volda/Høgskulen i Volda.