Å kome til orde. Skrivande stemmer og livskvalitet
Master thesis
Published version
View/ Open
Date
2015Metadata
Show full item recordCollections
- Helse- og sosialfag [55]
Abstract
Samandrag
Auka samarbeid mellom kultur og helse blir satsa på frå nasjonalt hald, i nordisk samanheng og internasjonalt. Dette er eit stort felt som femner om både kultur- og helsepolitikk, praksis i helse- og omsorgstenestane, og eit veksande forskingsfelt. I Bergen vart tilbodet Kunst, kultur og psykisk helse etablert som eit kulturtilbod i 2001, med fokus på menneske sine ressursar, interesser og engasjement. Det spesifikke fokuset for denne studien er korleis skapande skriving verkar inn på menneske si oppleving av livskvalitet. Metoden har vore kvalitative intervju av seks deltakarar i Kunst, kultur og psykisk helse. Tre av intervjua var skriftlege via ein e-postdialog som strekte seg over ein to vekers periode, medan dei andre tre var tradisjonelle intervjumøte, der det eine møtet gjekk føre seg ved videooverføring på Skype. Analysen av intervjumaterialet blir presentert i fire analytiske kategoriar; Det skapande, Verdi, Relasjonar og røynda, og Identitet.
Resultatet viser eit rikt og komplekst forhold mellom det skapande og eigen livskvalitet. I drøftinga går stemmene og erfaringane frå studien i samtale med to andre perspektiv. Det første er korleis pasienten si stemme kjem til orde i journaltekster i psykiatrien. Det andre er refleksjonar omkring forhold mellom skapande skriving og det skriveterapeutiske, gjennom ein presentasjon av «The writing cure». Teoriar om kreativitet, og Lakoff og Johnson sin teori om korleis metaforar strukturerer og påverkar røyndomen vår, er ein del av bildet. Studien ser samanhengar mellom skapande skriving og livskvalitet som eit verdispørsmål, der både den estetiske dimensjonen i skapande arbeid, og det etiske prinsippet i retten til å kome til orde, trer fram. Det å skrive kan vere helsebringande, men den skapande skrivinga kan vere grunna i andre mål enn ynskje om betringsprosessar. Det å skrive for å skape er ei autotelisk handling. Samanhengane mellom kultur og helse viser seg ikkje alltid på ein straumlinjeforma måte. Abstract
Increase in cooperation between culture and health is an area of commitment in Norway, and internationally, particularly in the Nordic countries. This issue involves both culture and health policy, practice in health and care, and an evolving field of research. In 2001 the project Art, Culture and Mental Health was founded in Bergen, targeting people´s resources, interests and potential. The specific focus of this study is on how one's perception of quality of life is influenced by creative writing. The method of research has been qualitative interviews of six subjects participating in the Art, Culture and Mental Health project. Three of the interviews were in writing on e-mail over a period of two weeks, and the other three were traditional interviews in person, one of them by video link on Skype. The analysis of the interviews is presented in four analytic categories: The creative aspect, Questions of value, Relationships and reality, and Identity.
The result reveals a complex relationship between creativity and the quality of life. In the discussion, the experiences from the study are put in dialog with to other perspectives: Where is the voice of the patient in journals in psychiatry? And how is the relationship between creative writing and «The writing cure»? Part of the picture is theories of creativity, and Lakoff and Johnson's theory of how metaphors structure and affect our perception of reality. The study considers the interaction between creative writing and quality of life to be a question of ethical value, where both the aesthetics in the creative work and the ethical principal in the right to express oneself are central. Writing can have a healing effect, but creative writing is founded on other objectives than the wish to get well. Creative writing is an autotelic act. The connection between culture and health does not appear streamlined.