Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorPaulen, Gunn Toril
dc.coverage.spatialNorwaynb_NO
dc.date.accessioned2017-06-21T10:30:15Z
dc.date.available2017-06-21T10:30:15Z
dc.date.issued2016-12
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2446564
dc.description.abstractSamandrag: Bakgrunn: Sjukefråver medfører mange negative konsekvensar for samfunnet, organisasjonen som blir ramma og den yrkesaktive sjølv. Arbeid er helsefremmande, og fordi ein brukar mange timar av døgnet saman med kollegaer, blir relasjonane her ein viktig del av det sosiale nettverket. Fleire studiar viser at slik manglande sosial støtte kan vere ein risikofaktor for både fysiske og mentale helseplager. Statistisk sett har helse- og omsorgssektoren høgast sjukefråveret når ein samanliknar dei ulike sektorane i landet. Det er difor interessant å freiste å finne kva faktorar i ein omsorgsinstitusjon er med på å påverke sjukefråveret. Mål for studien: Målet med denne studien er å skildre ulike faktorar, både av individuelle og organisatorisk art, som kan vere ei medverkande årsak til sjukefråveret. Både det fysiske og det psykososiale arbeidsmiljøet er tema, men det psykososiale arbeidsmiljøet er mest i fokus. Problemstilling: Kva individuelle og institusjonelle faktorar kan auke eller redusere sjukefråver i ein omsorgsinstitusjon? Metode: Studien er gjennomført med kvalitative forskingsintervju. Datamaterialet bygger på intervju med ti respondentar fordelt likt på to omsorgsinstitusjonar. Alle har fagutdanning og er tilsett ved somatisk avdeling. Respondentane består av to einingsleiarar, tre sjukepleiarar og fem omsorgsarbeidarar. Intervjuguiden er utforma med utgangspunkt i problemstillinga, teoretiske perspektiv og tidlegare forsking av temaet. Datamaterialet er bearbeidd og analysert, både ut i frå respondentane sine skildringar, ut i frå dei teoretiske perspektiva, og tidlegare forsking innan feltet. Resultat: Funna viser at respondentane opplever at sjukefråveret hos dei er høgt. Faktorane dei meiner har sterkast samanheng her, er fysisk belastning, høgt stressnivå og mykje bruk av ufaglærte vikarar. Det er uheldige kombinasjonar av desse faktorane, som ser ut til å forklare mest. Positive faktorar er det kollegiale gode arbeidsmiljøet, arbeidets art ved at dei får hjelpe pasientane, samt bruk av kompetansen. Dette aukar trivselen i den grad at dei ofte vèl sjukenærver framfor sjukefråver. Mange av svara er i samsvar med både teori og forsking. Støtte frå næraste leiar er også ein faktor forsking viser har samanheng med graden av sjukefråver. Respondentane er delt i graden av opplevd støtte frå næraste leiar. Konklusjon: Kunnskapen som er utvikla i denne studien er nyttig for å greie ut om dei faktorane som er med på å auke trivselen og sjukenærveret, samt for å ta tak i dei risikofaktorane som kan gi auka sjukefråver. Det er behov for vidare forsking innan området for å kunne utvikle nye verktøy som styrkar eit godt arbeidsmiljø og som kan føre til endå meir helsefremmande arbeidsplassar.nb_NO
dc.description.abstractSummary: Background: Sickness absence causes many negative consequences both to society, the organization and the working self. Work promotes health, and because people spend many hours of the day with colleagues, these relations are a very important part of the social network. Several studies shows that lack of social support may be a risk-factor for both physical and mental health problems. Statistically, the healthcare sector has the highest sickness absence when comparing the various sectors in the country. It is therefore interesting to endeavor to find what factors in a care institution is involved in influencing sickness absence. Objectives of the study: The aim of this study is to describe various factors, both of individual and organizational nature, which may be a contributing cause to sickness absence. Both the physical and psychosocial work environment has been investigated, with the main focus on the psychosocial work environment. Issues: Which individual and institutional factors influence the sickness absence in a care institution? Method: The study is conducted with qualitative research interview. The data are based on interviews with ten respondents divided equally in two care institutions. They all have vocational training and are employed in a somatic department. The respondents are two head of unit, three nurses and five nursing assistants. The interview guide is designed on the basis of issues, theoretical perspectives and previous research on the topic. The data is processed and analyzed with respect to the respondents portrayal, the theoretical perspectives and previous research in the field. Results: The findings show that the respondents see the sickness absence at their working place as high. The factors they believe has the strongest correlation, are physical burdens, high stress levels and much use of unskilled temporary workers. It is unfortunate combinations of these factors, which appears to explain most. Positive factors are good relations between colleauges, the nature of the work which allows them to help the patients, and use of expertise. This increases the well-being to the extent that they often choose sickness presence over sickness absence. Many of the answers are consistent with both the theory and research presented in this study. Research also shows that support from the head of unit can influence the level of sickness absence. The respondents are divided in the degree of perceived support from the head of unit. Conclusion: The knowledge that is obtained through this study is useful in determining which factors can increase the well-being and the sickness presence, as well as looking at the risk factors that may cause increased sickness absence. There is a need for further research in the field in order to develop new tools to strengthen a good working environment which could lead to even more health-promoting workplaces.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.titleSjukefråver i omsorgsinstitusjonarnb_NO
dc.title.alternativeArbeidsmiljø og sjukefråværnb_NO
dc.typeMaster thesisnb_NO
dc.description.versionpublishedVersionnb_NO
dc.rights.holderforfattarennb_NO
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Occupational health: 809nb_NO
dc.subject.nsiVDP::Medical disciplines: 700::Health sciences: 800::Health service and health administration research: 806nb_NO
dc.source.pagenumber127nb_NO
dc.relation.projectNSD: 43410nb_NO
cristin.fulltext


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel