Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAambø, Reidun
dc.date.accessioned2017-10-02T08:34:06Z
dc.date.available2017-10-02T08:34:06Z
dc.date.issued2017
dc.identifier.isbn978-82-7661-328-5
dc.identifier.issn1891-5981
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2457633
dc.description.abstractDenne framstillinga inngår i diskusjonen om norskkarakterar for opptak av internasjonale studentar til høgre utdanning. I dag kvalifiserer karakteren E til å begynne på eit fagstudium ved norske høgskular og universitet. Før 2003 var karaktergrensa 3,0, tilsvarande D i dagens system. Det er tidlegare ikkje undersøkt kor lang tid internasjonale studentar brukar på å gjennomføre eit fagstudium ved norske utdanningsinstitusjonar, og heller ikkje om minstekravet som myndigheitene stiller til norskkunnskapar, er tilstrekkeleg til å fullføre ein bachelor- eller mastergrad. Føremålet med ein longitudinell studie 2002/2003-2009/2010 var å undersøke om 39 kinesiske studentar gjennomførte fagstudiet etter fullført norskstudium ved Høgskulen i Volda (HVO). 10 av dei hadde fått lågaste norskkarakter, E, og denne framstillinga handlar i hovudsak om desse studentane. Dei tok fagstudium ved fem høgskular der undervisningsspråket var norsk. Eit parameter på å lykkast vil her primært seie å gjennomføre master- eller bachelorgrad på normert tid. Studien viser at alle E-kandidatane fullførte studiet, 2 av dei brukte lenger enn normert tid. I analysen blir det peika på at også andre faktorar enn norskkarakteren spela ei rolle for å klare fagstudiet. Sett i lys av individuelle faktorar i teoriar for andrespråkslæring, seier også studien noko om at årsstudiet i norsk (trinn 3) var for kort tid til å oppnå dei beste karakterane. Det same gjeld bortimot alle dei 66 kinesiske studentane som til no har tatt norskeksamen ved Høgskulen i Volda 1992/1993-2013/2014. 97 % hadde vore i Noreg under eitt år då dei tok eksamen på trinn 3.
dc.publisherHøgskulen i Voldanb_NO
dc.relation.ispartofseriesRapport nr. 85
dc.titleKorleis kan kinesiske studentar gjennomføre eit fagstudium på normert tid med norskkarakteren E?nb_NO
dc.typeReportnb_NO
dc.subject.nsiVDP::Humanities: 000nb_NO
dc.source.pagenumber30nb_NO


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel