Forske på Yksnøya – går det an? : utfordringar i praktisk-estetiske fag : seminarrapport
Abstract
Fagmiljøa "Frilufsliv og kroppsøving" og "Kunst & Handverk" ved Høgskulen i Volda inviterte under Forskingsdagane 2006 til seminar. Seminaret vart gjennomført på Yksnøya torsdag 28. september. Siktemålet var å skape eit forum for tverrfagleg debatt med fokus på forsking, friluftsliv, natur, kunst og handverk.
Seminaret hadde sju innlegg. Innlegga er presentert i artikkelform i denne rapporten. Artiklane viser eit utval relevante perspektiv i høve fagspesifikk og tverrfagleg bruk av naturmiljø i friluftsliv og kunst & handverk.
Ein kan merke seg at det i etterkant av seminaret er gjort vedtak om ein ny avdelingsstruktur ved Høgskulen i Volda. I denne strukturen vil dei to fagmiljøa gå saman med fagmiljøa Drama, Musikk og IKT og danne Avdeling for Kulturfag. Seminaret og arbeidsrapporten er eit steg i retning samarbeid, fagleg fellesorientering og tverrfagleg utviklingsarbeid, og vil såleis kunne stå som referanseprosjekt i det nye fagfellesskapet. Liv Merete Nilsen frå Høgskolen i Oslo heldt eit innlegg etter sjølve seminaret. Hennar tema var Kunstnerisk utviklingsarbeid i FoU-systemet. Innlegget var av informativ og avklarande art, men det er ikkje med i denne rapporten.