Nærmiljø og lokalsamfunn for folkehelsa. Delrapport 2 frå evalueringa av satsinga Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse
Abstract
Rapporten er den andre undervegsrapporten frå evalueringa av satsinga til Helsedirektoratet Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse (Nærmiljøprosjektet). Delrapporteringa bygger på skriftleg dokumentasjon frå Helsedirektoratet, kommunane og fylka som er med i prosjektet, og frå utdanningsinstitusjonar som er kopla til prosjektet. I tillegg har vi deltatt på samlingar i prosjektet og samtalar med sentrale aktørar i kommunar og fylkeskommunar, og informasjon derifrå inngår også i evalueringa.
For å få eit samla inntrykk av evalueringa av Nærmiljøprosjektet, bør ein også lese den første delrapporten: Bergem, R., Amdam, R., Dahl, S.L., Olsen, G.M. & Synnevåg, E.S. (2018). Nærmiljø og lokalsamfunn for folkehelsa. Delrapport 1 frå evaluering av satsinga ‘Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse’. Notat – nr 2/2018, Høgskulen i Volda.