Ei samling å lære av – evaluering av ei kurssamling
Report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2557951Utgivelsesdato
2003Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
KEV ynskjer å styrkje sin kompetanse innan avvikling av kurs. Med eit nytt mandat og ei ny rolle ser ein at KEV sitt ansvar i organisasjonen er endra i form av at ein må ta hand om andre, og kanskje litt vidare arbeidsoppgåver. Eit sentralt problem for KEV har vore ein mangel på akkumulering av kunnskap knytt til dei einskilde tiltaka. Dette søkjer ein å rette på ved å gjere grundige studiar av nokre tiltak. Målet er å heve medvitet om kompetanseutvikling rundt kursavvikling, og utvide gruppa for innsikt i korleis vi arbeider for å auke vår eigen gjennomføringskompetanse. Første samling i kurset i skuleleiing er eitt av dei tiltaka vi har valt å arbeide med.