Trivsel og integrasjon blant etniske minoritetar. Ein kvalitativ studie av afghanske og somaliske flyktningar i to kommunar på Nord-Vestlandet
Abstract
Denne arbeidsrapporten er utarbeidd med tanke på å gje ein brei presentasjon og dokumentasjon av prosjektet ”Trivsel og integrasjon blant etniske minoritetar i Møre og Romsdal”. Den er hovudsakleg ein dokumentasjonsrapport for Møre og Romsdal fylkeskommune, og skal fungere som eit underlag for vidare arbeid med problemstillingar som rapporten reiser. Arbeidet med dette prosjektet vil òg ligge til grunn for vidare arbeid i form av artikkelskriving og eventuelt anna fagleg produksjon. Det ligg òg føre ein kortversjon frå prosjektet.