Dei fragmenterte samfunna − analyse av utviklingstrekk og utfordringar på Indre Nordmøre
Abstract
I del I og II seinare har vi peika på mange utfordringar for indre Nordmøre. I denne oppsummerande og innleiande delen og som vert grunngjeven i del I og II, vil vi setje fokus på nokre strategiske område og moglege tiltak som vi meinar er spesielt viktige. Området framstår i dag som produksjonssamfunn som er splitta mellom to svake senter, Sunndalsøra og Surnadal sentrum. Svak senterstruktur, lavt folketal og sterk konkurranse frå byane Trondheim, Molde og Kristiansund gjer at det er vanskeleg å utvikla avanserte offentlege og private servicefunksjonar som kan føre til arbeidsplassar som krev høgre utdanningsnivå.
Indre Nordmøre framstår som eit fragmentert samfunn på grunn av dårlege interne kommunikasjonar, kulturell splitting mellom bonde- og arbeidarkultur og svak sams identitet, samstundes som ein har fellesskap i liten vekstkraft og perifer lokalisering. Regionen er storeksportør av råvarer, men i aukande grad er denne også supplert med stor nettoeksport av ungdom – spesielt unge kvinner. Den individuelle og næringsretta entreprenørskapen er lav, samtundes som området har sterke tradisjonar innan kollektivt entreprenørskap. Samstundes har området, paradoksalt nok, dei største reine forskingsmiljøa i Møre og Romsdal og høg kompetanse og kunnskap innan friluftsliv og utmarksnæring.