Det beste frå to skular … Ei evaluering av samarbeidet mellom ein internasjonal/amerikansk og ein norsk skule i Kenya
Abstract
Den viktigaste motivasjonen for å gjennomføre denne evalueringa mi er å dokumentere det skuletilbodet som elevane i åttande og niande klasse ved Norwegian Community School (NCS) får gjennom det samarbeidet som er etablert mellom denne skulen og Rosslyn Academy (RA) for skuleåra 2002/2003 og 2003/2004. Evalueringa konsentrerer seg om skuleåret 02/03, men erfaringar frå skuleåret 03/04 vil supplere framstillinga. Hovudfokus i evalueringa er for det eine å skildre det skuletilbodet som dei norske åttande- og niandeklassingane fekk i NCS/RA-samarbeidet og for det andre å seie noko om kvaliteten på dette skuletilbodet. Her er opplevinga av skuleåret i seg sjølv og opplevinga av å kome attende til Noreg særleg viktige felt å sjå på. Tanken er at dette kunnskapsgrunnlaget skal gje føresetnader for å vurdere om dette samarbeidet mellom NCS og RA bør halde fram etter forsøksperioden, og eventuelt seie noko om kva felt samarbeidet kan / bør vidareutviklast på. Det er vidare eit mål for evalueringa å få fram kunnskap som kan tene som (delvis) grunnlag for å vurdere om liknande samarbeid mellom norske skular i utlandet og geografisk nærliggjande skular kan vere verd å satse på også i andre land. I denne samanhengen kan det vere interessant å nemne at eit nordamerikansk magasin for kristne skular, ”Christian School Education” har gjeve RA ”Examplary School Reward” for samarbeidet med NCS. Kåringa kom på bakgrunn av ein artikkel som ein av lærarane ved RA, Karen Mills, skreiv om dette samarbeidet for magasinet (Mills 2004).