Deltaking i yrkesfellesskapet eller ”på eigne vilkår”? Ei undersøking av praksislærarar sin modellbruk i yrkesfagleg rettleiing
Report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2558095Utgivelsesdato
2004Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Rettleidd lærarpraksis i grunnskulen er ein viktig del av profesjonsretta grunnutdanning for lærarar. Rammeplanen for allmennlærarutdanning legg avgjerande vekt på praksisfeltet som læringsarena. Studiet er yrkesretta og praksisbasert og tar utgangspunkt i lærarens arbeidsfelt. Vi les også at rettleidd praksisopplæring er ein viktig del av yrkesrettinga (UFD 2003). Kva betyr det at rettleiinga skal vere yrkesretta? Ein diskusjon om rettleiingsmodellar høyrer med når ein søker svar på spørsmålet om yrkesretting. Studentens møte med praksisopplæringa kan vere bestemmande for korleis han tenkjer om sin eigen yrkespraksis og korleis han integrerer teori og praksis i utdanninga. Derfor er diskusjonen viktig.
Meisterlæra og handling og refleksjonsmodellen er i fokus i dette arbeidet. Eg drøftar modellane på bakgrunn av den omtalen dei får i rammeplanane for allmennlærarutdanning siste ti åra, og på bakgrunn av ein kasusstudie eg har gjort i praksisfeltet ved allmennlærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. I kasusstudien er eg opptatt av å undersøke korleis praksislærarar oppfattar og brukar modellane og korleis dei handlar i konkrete rettleiingssituasjonar.