dc.description.abstract | På oppdrag for Møre og Romsdal fylkeskommune, har Høgskulen i Volda evaluert prosjektet Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse (Nærmiljøprosjektet). Helsedirektoratet har initiert prosjektet, som i alt åtte fylke og 41 kommunar har deltatt i, og fått prosjektmidlar frå. Nærmiljøprosjektet har vore eit utviklingsprosjekt som har gått i perioden 2015-2018, med siste rapportering frå kommunar og fylkeskommunar 1. april 2019.
I Møre og Romsdal har fylkeskommunen og kommunane Giske, Sunndal, Ulstein, Volda, Ørsta og Ålesund deltatt i Nærmiljøprosjektet. Høgskulen i Volda har følgt prosjektet i Møre og Romsdal i perioden 2016-2018, og delvis også i første del av 2019. Evalueringsrapporten byggjer mellom anna på rapportar og andre dokument frå kommunane, på deltaking på prosjektsamlingar og på intervju med sentrale aktørarar i deltakarkommunane og i fylkeskommunen. | |