Nærmiljø og lokalsamfunn for folkehelsa. Sluttrapport frå evaluering av prosjektet Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse.
Report
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2617619Utgivelsesdato
2019Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Rapportar [138]
Sammendrag
Denne rapporten er sluttrapporten frå evalueringa av satsinga til Helsedirektoratet Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse (Nærmiljøprosjektet). Rapporten bygger på skriftleg dokumentasjon frå Helsedirektoratet, kommunane, fylka, universiteta og høgskulane som er kopla til prosjektet, og på intervju med eit utval representantar frå dei same aktørane. I tillegg har vi deltatt på ei rekke lokale, regionale og nasjonale samlingar i prosjektet. Til saman utgjer det datatilfanget til sluttevalueringa. For å få eit samla inntrykk av evalueringa av Nærmiljøprosjektet, kan ein også lese dei to delrapportane. Faglege innspel og dialog med aktørane undervegs i prosjektet har vore sentrale element i følgjeevalueringa. Såleis utgjer den skriftlege rapporteringa berre ein del av evalueringsarbeidet.
Prosjektleiar Randi Bergem har vore ansvarleg for å skrive sluttrapporten. Dei andre prosjektmedarbeidarane har vore sentrale i datainnsamlinga, i kvalitetssikring av sluttrapporten, og elles i følgjeevalueringa.