Norske mediestiftelsar. Kartlegging og vurdering av norske mediestiftelsar i 2018
Abstract
Stiftelsar som eigar av norske media er eit nytt fenomen i Noreg, og det er førebels lite studert. Det er det grunn til å endre på. Utviklinga dei siste åra peikar i retning av at stiftelsesformer blir stadig viktigare som eigarform for norske media:
• Stiftelsen Tinius har sidan 1996 hatt ein kontrollerande eigardel i Schibsted.
• Schibsted er igjen ein stor eigar i Polaris.
• Sparebankstiftelsens kjøpte Amedia i 2016.
• NRK var stiftelse i åra 1988- 1996, men no i 2019 er det på nytt på dagsorden å omdanne NRK til stiftelse.
Dette er altså endringar som omfattar eller kan omfatte store delar av norsk mediebransje og som difor fortener å bli undersøkt også av medieforskarar. Denne rapporten er eit lite bidrag til dette. Bachelor Daniela Mala har i si bacheloroppgåve stilt følgjande spørsmål: «Er stiftelsar ei trygg og varig eigarskapsform for redaksjonelle media?». Bacheloroppgåva utgjer ein vesentleg del av denne rapporten og er eit fullført arbeid. Ut frå eit samtidig perspektiv har Mala vurdert det slik at mediestiftelsar har potensiale til å bli ei trygg og varig eigarskapsform for redaksjonelle media.