Nærmiljø og lokalsamfunn for folkehelsa. Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse. Sluttevaluering, hovudfunn og tilrådingar. (Kortversjon)
Abstract
Denne kortversjonen er basert på sluttrapporten frå evalueringa av satsinga til Helsedirektoratet (2015-2018) - Kartlegging og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar folkehelse (Nærmiljøprosjektet). Kortversjonen gir eit overblikk over hovudfunn og tilrådingar.
Hovudrapporten bygger på skriftleg dokumentasjon frå Helsedirektoratet, kommunane, fylka, universiteta og høgskulane som er kopla til prosjektet, og på intervju med eit utval representantar frå dei same aktørane. Data er også samla inn på lokale, regionale og nasjonale samlingar i prosjektet. Til saman utgjer det datatilfanget i sluttevalueringa. For å få eit samla inntrykk av evalueringa av Nærmiljøprosjektet, kan ein lese dei to delrapportane og hovudrapporten. Faglege innspel og dialog med aktørane undervegs i prosjektet har vore sentrale element i følgjeevalueringa.