• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Mastergradsoppgåver
  • Helse- og sosialfag
  • View Item
  •   Home
  • Høgskulen i Volda
  • Mastergradsoppgåver
  • Helse- og sosialfag
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Profesjonsidentiteten til Vernepleiaren

Ulstein, Rebekka
Master thesis
Thumbnail
View/Open
master_UlsteinR.pdf (1.297Mb)
URI
https://hdl.handle.net/11250/2721349
Date
2020
Metadata
Show full item record
Collections
  • Helse- og sosialfag [45]
Abstract
Denne oppgåva har gjennom kvalitativ metode forska på spenningar i profesjonsidentiteten til vernepleiaren. Fleire vernepleiarar erfarer at mange er usikre på kompetansen til vernepleiaren og kva vernepleiarar jobbar med. Helse- og omsorgssektoren møter mange utfordringar og talet på helse- og omsorgspersonell er ein av dei. Befolkninga aukar og det gjer også tilfelle av komplekse sjukdomsbilete og samansette diagnosar. Dette fører til større krav om kompetanse hjå vernepleiarar og andre helse- og omsorgspersonell. Samfunnet stiller også større krav til hjelpeprofesjonar sin evne til å handtere tenestebehovet, tverrprofesjonelt samarbeid og effektivisering.

Oppgåva har primært søkt å fange opp korleis dei sju vernepleiarane erfarer sin eigen profesjonsidentitet og korleis dei erfarer å nytte skjønn . Gjennom semistrukturert intervju av vernepleiarar fordelt på ulike arbeidsplassar, har denne oppgåva funne at vernepleiaren sin profesjonsidentitet inneheld fleire spenningsforhold. Oppgåva set lys på erfaringane vernepleiarane har gjennom profesjonsteori og Lipsky (2010) sin teori om bakkebyråkrati. Konklusjonen er at i lys av profesjonsteori står vernepleiarprofesjonen i eit spenningsforhold mellom personleg identitet, kollektiv identitet og profesjonell identitet. Gjennom teorien om bakkebyråkrati kan vi sjå at vernepleiaren erfarer eit spenningsforhold mellom brukar og stat, ulike kunnskapslogikkar, autonomi og styring, skjønn og accountability, allmennmoral og profesjonsmoral.

Nøkkelord: Vernepleie, identitet, profesjon, bakkebyråkrati, skjønn, fagkunnskap, autonomi, styring, NPM, governance, accountability.

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit