dc.description.abstract | I denne oppgåva ynskjer eg å leite etter svar på korleis kommunen og Frivilligsentralen kan samhandle om møtestadar for ungdommen. Dette vil eg å forsøke å svare på gjennom oppgåva ved å ta for meg ei problemstilling og å svare på forskingsspørsmål under same tema. Studiet si problemstilling er formulert slik: «Korleis kan ei kommune gjennom samhandling med Frivilligsentralen skape gode møtestadar for dei unge?».
Det blir trekkje fram viktigheita av møtestadane og kva betyding dei har for ungdommane. Vidare tek eg føre meg kva påverknad det kan ha for ungdommen si helse å ha trygge møtestadar.
Studien bygger på blant anna Aaron Antonovsky sine teoriar om salutogenese, patogenese og «sense of coherence». Den legg også vekt på Urie Bronfenbrenners modell, og for å få fram det heilskapelege biletet rundt ungdommane og kvifor møtestadane er så viktige for dei og bør fokuserast på.
Samhandlinga mellom kommunen og Frivilligsentralen tas opp i problemstillinga og oppgåva forsøker å svare på korleis denne samhandlinga føregår, då det er eit samarbeid som kan tenkjast å burde styrkast for å betre møtestadane for ungdom. I oppgåva skrivast det også om at ungdommens sosiale kapital kan påverkast av sosiale mediar og internettbruken som er vanleg no, og korleis dette eventuelt kan påverke bruken av møtestadar i kommunen.
Eg valte å ta i bruk både kvalitativ og kvantitativ metode for å få fram ulike sider av tema. Eg tok difor i bruk både intervju og spørjeskjema som vart svart på og fullført over telefon og gjennom internett. med bakgrunn i at det i tida oppgåva vart skriven ikkje var anbefalt med fysisk oppmøte. Eg intervjua og spurte både ungdommar, tilsette i kommunen og tilsette ved Frivilligsentralen i ei utvalt kommune. Gjennom intervju og spørjeskjema kjem det fram at tilboda i kommunen er mangelfulle i dag, imens det gjennom ei undersøking ifrå Ungdata kjem fram annan informasjon. Likeleis konkluderast det med at kommunen og Frivilligsentralen saman med ungdommen er nøydd til å kome fram til gode løysingar på betre møtestadar som inkluderer flest mogleg av ungdommane. | en_US |