Show simple item record

dc.contributor.authorMartini, Xaver-Balthasar
dc.date.accessioned2021-01-15T07:20:30Z
dc.date.available2021-01-15T07:20:30Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2723180
dc.description.abstractDet bacheloroppgåva skal svare på er på kva måte ungdomsrådet blir involvert i kommunens planprosessar. Barn og unge er ein aktiv del av befolkninga som tar del i kommunale aktivitetar og som aktivt tek i bruk kommunale tenester. For kommunane er det hensiktsmessig å kartlegge behova til befolkningsmassen for å tilpasse og forbetre tilbodet. I kommunen får barn og unge ofte fremje sine meiningar gjennom ungdomsrådet. Fagpersonar og planleggarar planlegg og utviklar tilbod og tenester utifrå det kunnskapsgrunnlaget dei har. Det å trekke inn barn og unges erfaringar, tankar og idear gir vaksne breiare kunnskapsgrunnlag og forståing for barn og unge sine behov. Barn og unge er ekspertar på det å vere barn og unge. Brukar kommunen aktivt barn og unge i planleggingsprosessar får dei avklart kva som ikkje fungerer og kva som fungerer. Frå kommunen sin side handlar dette om å lage tenester og planar som faktisk fungerer for dei brukargruppene som drar nytte av dei. Barn og unge får gjennom gode medverknadsprosessar kunnskap om demokratiet, seg sjølv og sine behov. Medverking er nyttig for både tenestyter og brukar. Gjennom medverknadsprosessar får tenesteytaren tilpassa tenestene etter brukaren sine behov og brukaren får lært om sine eigne behov og får desse oppfylt. I medverknadsprosessar knytt til planprosessar betyr dette også å kunne vere med å påverke korleis kommunen skal utvikle seg. Barn og unges rett blir gjennom FNs barnekonvensjon på overnasjonalt nivå etablert. FNs barnekonvensjon stadfester at barn har menneskerettigheiter, samt at barn har krav på spesiell vern. I FNs barnekonvensjon kjem det også tydeleg fram at barn har rett til å ytre meininga si og at dette skal bli tatt på alvor. I Noreg blei barnekonvensjonen ratifisert i 1991 (FN-sambandet, 2019). Intensjonen frå FNs barnekonvensjon ser ein igjen i Plan- og bygningslova(PBL) frå 2008. Allereie i lovens formål § 1-5 kjem det fram at planlegging skal sikre openheit, føreseielegheit og medverking, samt at ein skal vise omsyn til barn og unges oppvekstvilkår (Lovdata, u.d.).en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectplanprosessen_US
dc.subjectkommuneen_US
dc.subjectungdomen_US
dc.subjectungdomsråden_US
dc.subjectmedverknaden_US
dc.subjectbarnekonvensjonen_US
dc.titlePå kva måte blir ungdomsrådet involvert i kommunen sine planprosessar?en_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber37en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

  • Planlegging og administrasjon [8]
    I denne samlinga finst bacheloroppgåver frå planlegging og administrasjon som har fått karakteren A eller B.

Show simple item record