Vis enkel innførsel

dc.contributor.advisorEgset, Anne-Sofie
dc.contributor.advisorBåtevik, Finn-Ove
dc.contributor.authorAndersen, Solfrid
dc.coverage.spatialNorway. Sogn and Fjordane county, Vestland provinceen_US
dc.date.accessioned2021-05-14T07:32:08Z
dc.date.available2021-05-14T07:32:08Z
dc.date.issued2016
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2755247
dc.description.abstractSamandrag Den frivillige innsatsen står sterkt i Noreg. Vi er av dei beste på feltet viser forskninga. Svært mykje av innsatsen blir til gjennom organisasjonsdeltaking. Dei frivillige organisasjonane sitt arbeide gir særleg tre føremon for samfunnet: 1) Sosial integrasjon, 2) styrking av demokratiet og 3) økonomiske bidrag i form av frivillig innsats. Frivilligsentralane er ein organisasjon som fungerer som ein lokal bank mellom einskildindivid, lag- og organisasjonar og det offentlege. Forskarar tar til ordet for at rolla til sentralane er diffus mellom sivil- og offentlege sektor. Studien byggjer på ei kartlegging av sentralane i Sogn og Fjordane. I tillegg har eg gjort ein kasusstudie av tre frivilligsentralar. Samla har eg gjort ni intervju på tre stader i fylket. Studien har tatt sikte på å finne nærare ut om frivilligsentralan denne funksjonen.Det er særleg to perspektiv som har vore i søkjelyset mitt i denne studien. Det eine perspektivet rettar seg mot sentralane si verksemd, kva oppgåver dei har. Funna mine viser at oppgåvene og aktivitetane til frivilligsentralane, er svært varierte på eitt breidt nedslagsfelt. Sentralane framstår som like uavhengig av eigarformer. Viktige oppgåver og aktivitetar ser ut til å vere innafor helse-, omsorg- og sosialsektoren. Likevel er det mykje som tyder på at sentralane har ein særleg funksjon retta mot menneske som ikkje deltek i det ordinære samfunns- og organisasjonslivet. Gjennom aktivitetar som mottakar, eller i rolla som frivillig, blir sosial kapital bygd gjennom nettverk og sosiale relasjonar andlet-til-andlet. Slike forhold kan vere med på å styrke livskvaliteten for menneske. Det andre perspektivet omhandlar dei frivillige i sentralane. Med utgangspunkt i to yttersider, altruisme og eiganytte, har eg søkt å finne deira eigne grunngivingar på engasjementet. Dette spørsmålet er kopla til motivasjonsfaktorar og drivkrefter for å stille opp for andre. Funna mine tyder på at altrusime og eiganytte ikkje står i noko motsett forhold til kvarandre. Dei frivillige har alle utbytte av arbeidet sitt på ulikt vis. Engasjementet er likevel ikkje primært for sin eigen del, men heller retta mot det å kunne få bidra, vere til nytte og glede for andre. Ingen frivilligsentralar er heilt like. Verksemdene er i stor grad tufta på ulike lokalsamfunn. Men dei har mange like fellestrekk viser studien min. Dei to perspektiva viser to sider av samme sak, frivilligsentralane sine funksjonar ser ut til å ha betydning for både mottakar-, og givarsida.en_US
dc.description.abstractAbstract Volunteering has a strong standing in Norway. According to research we are among the best countries in this field. Much of the volunteering takes place through participation in organizations. The work done by voluntary organizations provide three advantages to society: 1) Social integration, 2) strengthening democracy and 3) economic contributions through voluntary efforts. The voluntary centrals are organizations which act as a local bank between individuals,clubs, organizations and the public. Scholars claim that the role of the centrals is blurred between the civil- and the public sector. This study rests on a survey of the centrals in Sogn og Fjordane. In addition I have completed case studies of three voluntary centrals. Altogether I completed nine interviews at three different locations in the county. The aim of the study was to explore how the voluntary centrals work. Two perspectives have guided my study. The first perspective is to explore the tasks of the centrals. My findings show that the tasks and the activities of the centrals are very diverse. The centrals seem similar independent of owner structure. Important tasks and activities appear to be within the health, care and social sector. However, the centrals seem to have an important task in engaging people who usually don’t participate in the ordinary society and the organizational life. In such settings both receivers and volunteers build social capital and face to face relations. Such relations can contribute to strengthen the quality of life for people. The second perspective is about the volunteers in the centrals. Starting from two extremes, altruism and own utility, I have tried to find out why people are engaged. This has to do with motvation and driving forces. My findings indicate that altruism and own utility are not opposites. The volunteers benefit from their work in different ways. However, they do not primarily engage for their own sake, but to be able to contribute, to be of help and to benefit others. No two centrals are exactly alike, partly because they are rooted in different communities. However, according to my findings they have many similarities. The two perspectives show two sides of the same coin, the voluntary centrals are important both for the volunteers and the receivers.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.titleFrivillig i bygda Aktivitetar og frivillige ved frivilligsentralane i Sogn og Fjordaneen_US
dc.title.alternativeKva funksjon har frivilligsentralane for ulike grupper i lokalsamfunna? Kva sentrale oppgåver utfører sentralane ? Korleis grunngir dei frivillige engasjementet sitt?en_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderforfattarenen_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Statsvitenskap og organisasjonsteori: 240::Offentlig og privat administrasjon: 242en_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200::Samfunnsgeografi: 290en_US
dc.source.pagenumber111en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel