Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSkåden, Mona Kleppe
dc.date.accessioned2021-09-20T12:42:38Z
dc.date.available2021-09-20T12:42:38Z
dc.date.issued2020
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2779228
dc.description.abstractDet å vere i fysisk aktivitet blir råda av dei fleste helsemyndigheiter, der blant anna Helsedirektoratet anbefala at ein voksen person skal vere minst 150 minutt i fysisk aktivitet per veke. Av desse minutta inneberer 75 minutt med høg intensitet. Kartleggingar viser at berre 1 av 3 oppfyller dette kravet. Mange av Noregs befolkning er altså for lite aktive i kvardagen og sit for mykje i ro (Statistikk om fysisk aktivitetsnivå og stillesitting, 2020). Korleis kan friluftsliv spele ei viktig rolle her? Dette er viktig på mange område og ein av grunnane er at det har stor påverknad på helsa blant folk. Faktorane går ein nærare inn på seinare. For at folk skal vere meir aktive og bevege seg meir i naturen, er det derfor viktig at ein har nærheit til for eksempel naturen og gode moglegheiter for å vere i fysisk aktivitet (Friluftslivet i et folkehelseperspektiv, 2020) I denne oppgåva blir omgrepet nærtur brukt i mange samanhengar. I denne samanhengen betyr nærtur gåturar i nærmiljøet og som er lett tilgjengelege. Det skal vere lett å kome seg til startpunktet og ein skal helst sleppe å køyre langt for å nå nærturane (Skjeggedal, Vistad, & Thorèn, 2019). Nærtur er eit vidt omgrep og i følgje rapporten «Planlegging for nærtur» ser ein på nærtur som både friluftsliv, transport, folkehelse og arealbruk. Friluftsliv er ei form for nærtur og blir ofte oppfatta som gåtur på turvegar og turstiar i «grønt-område». I eit bygdesamfunn som denne oppgåva dreier seg om, handlar det om at moglegheitene finnast nærast rett utanfor trappa, og at skogsvegar, setrevegar og stiar blir opparbeide slik at ein lett kan ta seg frå sentrumsområde og byggefelt og ut i skog og mark. Dette skal også vere noko «alle» kan gjere uavhengig av sosial klasse. Nærtur inneberer også transport. Sjølv i eit bygdesamfunn er det ikkje alle som kan gå frå trappa si og rett ut i naturen. I mange tilfelle startar nærturen «i det grå», at ein må ferdast på ein bilveg eller eit fortau. Her er det mogleg å gå eller sykle i staden for å ta i bruk bil. Folkehelse heng også nøye saman med nærtur, fordi gåing bidreg til betre helse. Slik er det viktig at eit nærmiljø har gode turmoglegheiter som fører til meir fysisk aktivitet. Også arealbruk er viktig når ein snakkar om nærtur. For at det skal finnast nærtur må dette takast omsyn til og leggast til rette for i arealplanlegginga (Skjeggedal, Vistad, & Thorèn, 2019). Temaet i denne oppgåva er folkehelse og nærtur. Nærtur og friluftsliv er ein viktig del for å betre folkehelsa i eit samfunn. Dermed er det viktig at det finnast attraktive og lett tilgjengelege turmoglegheiter i nærleiken av der folk bur. Det må også vere noko alle kan utføre som er tilpassa alle uansett alder, kjønn og funksjonsnivå. Det er sjølvsagt opp til den enkelte å vere aktiv, men tilrettelegginga må vere til stades. Ei auka tilrettelegging vil føre til at aktiviteten også aukar. Friluftsliv femner meir enn berre nærtur, men i mange samanhengar er det snakk om dei same stiane og den same infrastrukturen. Derfor blir friluftsliv og nærtur brukt om kvarandre i denne oppgåva.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.subjectnærturen_US
dc.subjectoffentleg sektoren_US
dc.subjectfrivllig sektoren_US
dc.subjectfysisk aktiviteten_US
dc.subjecthelseen_US
dc.subjectfolkehelseen_US
dc.titleNærtur og samskaping. Ein kvalitativ studie om samarbeid mellom offentleg og frivillig sektor for tilrettelegging av nærturen_US
dc.typeBachelor thesisen_US
dc.source.pagenumber38en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

  • Planlegging og administrasjon [10]
    I denne samlinga finst bacheloroppgåver frå planlegging og administrasjon som har fått karakteren A eller B.

Vis enkel innførsel