Nye innbyggjarar, nye utfordringar? Vestlandskommunane i møte med arbeidsinnvandrarane
Abstract
Rapporten «Nye innbyggjarar, nye utfordringar? Vestlandskommunane i møte med arbeidsinnvandrarane» inngår som ein del av prosjektet «Arbeidsinnvandring til Vestlandet. Arbeidsinnvandrere som ressurs i regional utvikling». Prosjektet blir gjennomført som eit samarbeid mellom Vestlandsrådet, fylkeskommunane og fleire forskingsmiljø på Vestlandet. Forskingsmiljøa som inngår i samarbeidet er Høgskulen i Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking, International Research Institute of Stavanger, Universitetet i Stavanger, Senter for Interkulturell Kommunikasjon og Møreforsking.
Rapporten byggjer på ei kartlegging blant rådmennene i kommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Alle dei involverte forskingsmiljøa har vore med på å diskutere og utforme spørsmåla som ligg til grunn for kartlegginga. Kartlegginga utgjer ein innleiande del av arbeidet med prosjektet. Den vil bli følgt opp gjennom kvalitative studiar i utvalde kommunar på Vestlandet.