Ung i Volda og Ørsta 2003–2013. Ei samanliknande undersøking om livsstil og psykisk helse mellom ungdom i Volda og Ørsta
Abstract
Denne rapporten inneheld informasjon om utviklinga på ein del sentrale livsområde for ungdomar i Volda og Ørsta i løpet av det siste tiåret. Det vert gjort ved å samanlikne resultata frå to separate undersøkingar som vart gjennomførde i 2003 og 2013. Som grunnlag for 2003-undersøkinga vart det teke utgangspunkt i eit landsomfattande prosjekt som forskingsinstituttet NOVA (www.nova.no) hadde gjennomført året før ”Ung i Noreg 2002”. Ein stor del av dei spørsmåla som vart nytta i det sistnemnde prosjektet vart inkluderte i vår 2003-undersøking. Spørjeskjemaet vart utfylt av elevar i 8., 9., 10. og 1. klasse på vidaregåande skule i slutten av mars 2003. Resultata frå denne undersøkinga er gjengitt i rapporten "Ung i Volda og Ørsta 2003".