Betre folkehelse. Utvikling av pilot for interkommunal og digital folkehelseoversikt for kommunane på Søre Sunnmøre. Sluttrapport.
Abstract
Dette notatet er sluttrapporten for prosjektet «Betre folkehelse» der det er utvikla ein pilot for interkommunal og digital folkehelseoversikt for kommunane på Søre Sunnmøre. Prosjektet er finansiert av RFF Møre og Romsdal og er eit såkalla kvalifiseringsprosjekt. Prosjekteigar har vore Ørsta kommune, som også har hatt rolla som vertskommune for i alt sju partnarkommunar; Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta. Høgskulen i Volda ved Avdeling for samfunnsfag og historie har vore FoU-ansvarleg. Prosjektet starta opp våren 2021 og vart avslutta våren 2022. Notatet presenterer bakgrunnen for prosjektet og utfordringar ein søkte å løyse, og resultat og erfaringar. Notatet omtalar også tankar om vidare samarbeid om utvikling av prosjektidéen gjennom eit regionalt hovudprosjekt.