Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAmdam, Roar
dc.date.accessioned2022-04-20T07:54:39Z
dc.date.available2022-04-20T07:54:39Z
dc.date.issued2022
dc.identifier.isbn978-82-7661-368-1
dc.identifier.issn1891-5981
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2991502
dc.description.abstractDette er ein meir teoretisk rapport der eg trekker inn ei lang rekke teoriar og relevant forsking for å drøfte spørsmålet om planlegging og partnarskap verkeleg er eigna til å gi politikken den legitimiteten og handlingskrafta som er nødvendig for å fremme berekraftig utvikling. Dette er difor ein rapport om kvifor samskapt berekraft er nødvendig og kva samarbeidsdriven planlegging inneber. Utgangspunktet for rapporten er at sjølv om vi i dag har mykje vitskapleg kunnskap som dokumenterer at kloden lir under våre fotavtrykk, så uteblir nødvendige samarbeid mellom aktørar. Politikken for berekraftig utvikling manglar såleis både handlingskapasitet og legitimitet. I rapporten drøftar eg i kva grad planlegging kan bidra til institusjonell kapasitetsbygging og til å gi arbeidet for berekraftig utvikling tilstrekkeleg demokratisk legitimitet. Eg konkluderer med at dette er mogleg å oppnå dersom planlegginga både lokalt, nasjonalt og globalt fungerer kompetansebyggande og bidreg til ei lokal mobilisering som stiller krav til nasjonalt og globalt nivå om å sette rammer for berekraftig utvikling i form av regelverk og insitament om kva for kollektive handlingar som krevst. Rapporten er skriven for studentar på masternivå og for praktikarar som søker ny og nyttig kunnskap om ulike former for statsstyring og om samarbeidsdrivne plan- og innovasjonsprosessar. Rapportar som blir publiserte av Høgskulen i Volda blir ikkje fagfellevurderte, difor har eg i fotnotar til kvart kapittel lista opp kva for tidlegare publiserte og dermed fagfellevurderte arbeid kapitla bygger vidare på. Felles for alle kapitla er at dei bygger mykje på bøkene mine "Planlegging som handling" (Amdam, 2005) og "Planlegging og prosessleiing. Korleis lykkast med utviklingsarbeid" (Amdam, 2011).
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.relation.ispartofseriesRapport nr. 115
dc.titleSamskapt berekraft. Ein modell for samarbeidsdriven planlegging og innovasjon som fremmar institusjonell handlingskapasitet og demokratisk legitimiteten_US
dc.typeReporten_US
dc.subject.nsiVDP::Samfunnsvitenskap: 200en_US
dc.source.pagenumber309en_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel