Perspektiv på matematisk modellering i Kunnskapsløftet og Fagfornyinga
Peer reviewed, Journal article
Published version
View/ Open
Date
2019Metadata
Show full item recordCollections
Original version
Nordisk tidsskrift for utdanning og praksis. 2019, 13 (1), 83-97. 10.23865/up.v13.1882Abstract
Det er for tida fokus på at matematisk kompetanse er viktig for å fungere i det moderne samfunnslivet. Arbeid med matematisk modellering er ein måte å kople matematikk til dagleglivet på. I denne artikkelen tek me føre oss grunnar til å arbeide med modelleringsaktivitetar og knyter dette til ulike perspektiv på matematisk modellering. Med dette som bakgrunn har me gjort ein innhaldsstudie av matematikk fellesfag i Læreplanverket for Kunnskapsløftet og høyringsutkastet for fagfornyinga av læreplanar i Kunnskapsløftet. Denne studien viser at ordet modellering er brukt fleire gonger i høyringsutkastet for fagfornyinga enn i Læreplanverket for Kunnskapsløftet, og at bruken er knytt til ulike modelleringsperspektiv. Dette kan tyde på eit auka fokus på matematisk modellering i den nye læreplanen. Likevel er ikkje læreplanen tydeleg på korleis ein skal forstå og arbeide med matematisk modellering. Dette kan skape utfordringar for lærarar som skal undervise modellering i skulen.