Digitale læremiddel i lærarutdanninga
Almås, Aslaug Grov; Nilsen, Anders Grov; Helleve, Ingrid Maria; Leer-Salvesen, Hilde Gry; Gram, Helene
Peer reviewed, Journal article
Published version
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3042315Utgivelsesdato
2022Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Bakgrunnen for artikkelen er eit utviklingsprosjekt i lærarutdanninga med utprøving av digitale læremiddel. Fokus vert retta mot lærarutdannarar og korleis dei vel å kopla saman sin pedagogiske praksis med den aukande digitaliseringa me ser i utdanningssektoren.
Tilsette ved fire ulike lærarutdanningsinstitusjonar inngår i studien. Dei vart introdusert for og brukte eit digitalt læremiddel utvikla for emnet Pedagogikk og elevkunnskap (PEL). Læremiddelet var utvikla som ein app av to av lærarutdanningsinstitusjonane i studien. Appen «Lærar for ein dag» vart laga for å få ei god, heilskapleg kopling mellom læremiddel, praksisfeltet og lærarutdanninga.
Målsetjinga med utprøvinga er å bruka appen til å ta opp eller initiera ein diskusjon om kvifor og korleis lærarutdannarar utviklar sin bruk av ressursar for læring i si undervisning, og kva grunnlag dei har og kan støtta seg på i slike val. Funna viser at nye typar digitale læremiddel er lite brukt, og at det ligg nokre spenningar i dei refleksjonane lærarane trekkjer fram.