Motivasjon på heimekontor under koronapandemien. Ei kvalitativ undersøking
Abstract
Bacheloroppgåva skal studere motivasjon for tilsette på heimekontor under koronapandemien og kva dette kan ha å seie for leiing. Eg skal undersøkje kva som fremmar og hemmar motivasjon for tilsette på heimekontor ved ei bedrift, og kva leiinga kan gjere for å styrke denne motivasjonen. Med omsyn til forskingsetiske krav om personvern, anonymitet og privatliv, har eg valt å anonymisere bedrifta eg har studert i denne oppgåva. Denne vil derfor bli omtalt som «bedrift X».
Eg har gjort teoretiske avgrensingar i arbeidet med denne oppgåva. Eg har valt å fokusere på eit lite utval av teoriar innan motivasjon og leiing for å kunne gå i djupna på desse. Eg vil leggje særleg vekt på motivasjonsteori i oppgåva. I den første delen om motivasjon har eg valt å fokusere på Herzberg sin tofaktorteori og sjølvbestemmelsesteorien til Deci og Ryan. I leiingsdelen nyttar eg Blanchard & Hersey sin teori om situasjonsbestemt leiing.