Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorAmdam, Roar
dc.date.accessioned2024-01-31T11:07:26Z
dc.date.available2024-01-31T11:07:26Z
dc.date.issued2003
dc.identifier.isbn82-7692-183-3
dc.identifier.isbn82-7661-161-3
dc.identifier.issn0805-8083
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3114795
dc.description.abstractDenne rapporten er ein del av rapporteringa frå prosjektet ”Endra regionalpolitikk og nye regionale politiske institusjonar og prosessar” som inngår i Norges forskingsråd sitt program om forsking for regional utvikling. Bakgrunnen for prosjektet er at den regionale planlegginga er under omlegging både i Noreg og i andre land for å møte dei nye utfordringane i regionalpolitikken. Gjennomgåande for denne omlegginga er at regionar blir trekte fram som eigna arenaer for å skape ein regional politikk og dermed framstå som regionalpolitiske aktørar i skjeringspunktet mellom styring ovafrå og mobilisering nedafrå. Men forskinga viser at den nye regionalpolitikken med vekt på å sameine ovafrå ned- og nedafrå opp-politikk, til dels krev heilt nye regionale politiske institusjonar og planprosessar for at regionane skal framstå som politiske aktørar med gjennomslagskraft. Desse nye institusjonane synest å føresette partnerskap mellom styringsnivåa, og mellom offentleg, privat og frivillig sektor i legitimerande planprosessar innafor ein demokratisk kontroll. Men slike partnerskapsorganisasjonar stiller spesielle krav til balansen mellom effektiv gjennomføringsmakt, demokrati, deltaking og ikkje minst offentlegheit for å sikre nødvendig legitimitet. Denne offentligheita er nødvendig for å hindre at partnerskapsorganisasjonane perverterer til lukka avgjerdsprosessar med mulegheiter for kameraderi og korrupsjon. Formålet med prosjektet er å gi svar på det sentrale spørsmålet om det er slik at omsynet til offentligheit og demokrati i den nye regionalpolitikken krev nye eller endra regionale politiske institusjonar og planleggingsprosessar for at regionane skal framstå som legitime politiske aktørar med innverknad også på lang sikt. Eit anna formål er å drøfte kva for implikasjonar eventuelle funn bør ha på samansettinga av regionale plan- og utviklingsorgan, handsamingsprosedyre, deltaking, medverking, informering, gjennomføring, læring m.m. i dagens norske plansystem. Granskinga følgjer ein induktiv forskingsdesign med vekt på teori- og modellbygging. Drøftinga baserer seg på data om både norske og internasjonale plansystem og erfaringar med desse. Vidare trekker eg inn relevante planfilosofiske og planteoretiske perspektiv.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherMøreforsking Volda og Høgskulen i Voldaen_US
dc.relation.ispartofseriesForskingsrapport;50
dc.titleLegitimerande regional planleggingen_US
dc.typeResearch reporten_US
dc.source.pagenumber207en_US
dc.source.journalSkriftserienen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel