Fem kommunar med svakaste driftsresultat på Sunnmøre i 2002. Ekstern analyse med vekt på rekneskapsprinsipp
Working paper
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3114997Utgivelsesdato
2003Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Notat [206]
Sammendrag
Ein del kommunar på Sunnmøre hadde i 2002 eit svakt netto driftsresultat. I % av driftsinntektene var netto driftsresultat i Haram –17,0%, i Sande –13,0%, i Ålesund og Ørsta –5,7% og i Sula – 5,6% (Kjelde: kommuneproposisjonen 2004 s. 273. Data manglar for nokre kommunar). Desse resultata er svært svake. I kommuneproposisjonen for 2004, s.153 skriv kommunal- og regionaldepartementet: ”Netto driftsresultat bør over tid ligge på minst 3 prosent av driftsinntektene”1. Haram og Sande har dei svakaste resultata i landet. Nedanfor er kort gjort greie for ein ekstern gjennomgong av rekneskapsdokumenta for 2002 for desse kommunane. Slike dokument viser og rekneskap for 2001. Eg har også sendt eit utkast til kommunane, og har fått nokre kommentarar. Føremålet med notatet er interesse for korleis kommunerekneskap vert ført og kan tolkast, ikkje å kome med gode råd eller kritiske merknader overfor den einskilde kommune. Men først litt bakgrunnsstoff.