Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDigernes, Eldrid
dc.date.accessioned2024-02-01T09:58:17Z
dc.date.available2024-02-01T09:58:17Z
dc.date.issued2003
dc.identifier.issn0805-8075
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3115017
dc.description.abstractI løpet av dei siste ni åra, frå 1994 til 2003, har rammeplan for allmennlærarutdanninga blitt endra tre gangar. Dei to første planane ( KUF 1994, KUF 1999) representerer ei sterk sentral styring av utdanninga, med omfattande og detaljrike innhaldsbeskrivingar. Den siste planen (UFD 2003) er kortfatta og gir den enkelte utdanningsinstitusjon stor fridom til sjølv å bestemme innhaldet i utdanninga. I seg sjølv vitnar den stadige utskiftinga og endringa av rammeplanar om sterk politisk usemje om innhaldet i lærarutdanninga. Frå ein fagleg synsstad er det interessant å vurdere kva endringane består i og kva dei inneber for det faglege arbeidet. Dette gjeld også mitt fag, pedagogikk. Eg tar utgangspunkt i plan for praksisopplæring i dei tre rammeplanane. Denne planen omhandlar den planmessige opplæringa som føregår i autentiske yrkessituasjonar under rettleiing av person med relevant yrkesutdanning og yrkespraksis. Utviklinga frå sentral til lokal styring ser vi også her; detaljrikdomen er erstatta av meir generelle og opne utsegn om praksisopplæringa. Eit vesentleg punkt i praksisopplæringa er koplinga mellom teori- og praksisfeltet. Den siste planen har, i motsetning til dei to første, relativt enkle og opne utsegn om forholdet mellom teori og praksis. I pedagogikken er denne koplinga eit kjernepunkt, eg spør derfor korleis forstå forholdet mellom teori og praksis. Praksisfeltet er i vår samanheng den obligatoriske pedagogiske praksisen i grunnskulen, teorifeltet er pedagogikkfaget slik studentane møter det i høgskulens undervisning. Eg vil belyse forholdet ved å drøfte erfaringa sin plass i kunnskapsbegrepet. Den formelle læreplanen er utgangspunktet, men i mi tekst vil eg vere på nivået for den oppfatta læreplanen, nivået for tolking av retningsliner i den formelle læreplanen(Engelsen 1993:18). Tolkinga vil sjølvsagt skje innanfor den referanseramma som min forståingshorisont utgjer.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.relation.ispartofseriesNotat;23/2003
dc.titleErfaringa sin plass i kunnskapsbegrepet. Ein analyse av praksisopplæringa slik den er framstilt i tre rammeplanar for allmennlærarutdanningaen_US
dc.typeWorking paperen_US
dc.source.pagenumber25en_US
dc.source.journalSkriftserienen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel