Erfaringar med einskapsfylket ─ gjennomføring av statlege og fylkeskommunale oppgåver. Dokumentasjonsrapport
Abstract
Møre og Romsdal fylke tok kontakt med Møreforsking Volda i desember 2005, med spørsmål om vi kunne granske nærare enkelte sider ved einskapsfylkeprosjektet som er i gang. Prosjektet i sin heilskap er under gransking i ei nasjonal evaluering, men fylket ønskte ei rask utgreiing av
• korleis verksemda til fylket blir sett av kommunen
• korleis enkelte program dei har sett i gang fungerer
• kva erfaringar dei tilsette i fylkesadministrasjonen har hatt så langt
Utgreiinga skulle leggast fram innan utgangen av april 2006. Denne rapporten legg fram resultata av den siste delen av denne granskinga i ei meir fullstendig versjon enn i hovudrapporten (Stangeland og Barstad, 2006). Vi har tatt ei undersøking av ”frifylke-forsøket” som vart utført i 1995 (Amdam 1995) som utgangspunkt, og brukar på nytt enkelte spørsmål frå skjemaet som vart brukt den gang for å kunne samanlikne svara.