Show simple item record

dc.contributor.authorSilseth, Gro Mari
dc.date.accessioned2024-06-21T10:22:47Z
dc.date.available2024-06-21T10:22:47Z
dc.date.issued2024
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3135257
dc.description.abstractDenne masteravhandlinga utforskar langdiktet Urd av Ruth Lillegraven frå 2013 – eit verk som gjennom ein særeigen kombinasjon av episke og lyriske trekk formidlar innsikt i liva til to kvinner, Seselja og Cecilie, som er tett forbundne trass i at dei lever i kvar sin ende av 1900-talet. Analysen baserer seg på nærlesing og har ein todelt struktur, der det først blir gjort greie for dei vekslande perspektiva til eg-a i langdiktet og spelet i dei ulike adresseringane dei har til andre menneske og til meir abstrakte fenomen. Den andre delen går i djupna på korleis bruken av utvida og komplekse leiemotiv knytt til veving, naturen sitt kretsløp og kvinnerolla bidreg til å skape førestillingar om vage, men vidfemnande eksistensielle trådar og samanhengar rundt oss. I lys av nyare teoriar om utstrekte strukturar i poesien, og i samband med innfallsvinklar frå tradisjonelle innføringsverk og litterære artiklar, ser oppgåva også på nokre av dei kulturelle implikasjonane som blir synleggjort gjennom ein framtredande tematikk forbunde med tilhøyrsle og identitet. Funna i avhandlinga indikerer at langdiktsjangeren opnar for eit stort erkjenningspotensiale i sitt overskridande spel mellom del og heilskap og i sitt rørslerike versnett, og dette er noko Urd nyttegjer seg av både strukturelt og metaforisk ved sitt utstrekte biletspråk knytt til veving og spinning.en_US
dc.description.abstractAbstract This master thesis explores the long poem Urd by Ruth Lillegraven from 2013 – a work which through a peculiar combination of epic and lyrical means convey insights into the lives of two women, Seselja and Cecilie, who are closely intertwined despite living on opposite ends of the 20th century. The analysis is based on a close reading and has a dual structure, where the shifting perspectives of the I-s in the long poem and the play between the different forms of address they have towards other people and more abstract phenomena are explained first. The second part explores how the use of extended and complex leitmotifs connected to weaving, nature’s cycle and female roles contributes to creating notions of vague, but wide-ranging existential threads and connections around us. Considering newer theories about expanded structures in poetry, and in tune with approaches from traditional introduction works and literary articles, this thesis also looks at some of the cultural implications that are presented through distinctive themes related to belonging and identity. The findings in this study indicate that the long poem genre allows a broad potential for recognition in its exceeding play between part and whole and in its movement-filled net of verse, and this is something Urd plays on both structurally and metaphorically in its extensive imagery connected to weaving and spinning.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.publisherHøgskulen i Voldaen_US
dc.title«Tråden som spinn mellom oss». Tilhøyrsle, identitet og eksistensiell tematikk i Urd (2013) av Ruth Lillegraven i lys av langdiktet sine utstrekte strukturarren_US
dc.typeMaster thesisen_US
dc.source.pagenumber103en_US


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record