Pengespelproblem – eit komplekst fenomen. Ein kvalitativ studie av behandlarane sine erfaringar om kva faktorar som kan medverke til pengespelproblem
Master thesis
View/ Open
Date
2024Metadata
Show full item recordCollections
- Helse- og sosialfag [55]
Abstract
Pengespel er ein naturleg del av samfunnet og kulturen vår, og mange finn glede i denne aktiviteten. Likevel er det eit mindretal av befolkninga som utviklar store vanskar med å kontrollere bruken av slike spel, og dette kan føre til alvorlege konsekvensar for den enkelte og for dei som står vedkomande nært. Denne studien søker å finne svar på kva som kan ligge til grunn for at enkelte utviklar pengespelproblem. Empirien er henta gjennom kvalitativt intervju med seks erfarne behandlarar som arbeidar med å behandle menneske med pengespelavhengigheit, og har gjort dette i ei årrekkje. Studien har lagt vekt på behandlarane sine erfaringar på dette området. Funna frå dette datamaterialet er studert i lys av aktuell teori og forsking, for å søke å finne svar på problemstillinga: På kva måte erfarer behandlarane at ulike faktorar har medverka til pengespeleproblem?
For å operasjonalisere problemstillinga er det utarbeida tre forskingsspørsmål som kvar for seg kan hente informasjon om ulike faktorar. Desse er:
1. På kva måte kan personlege faktorar medverke til pengespelproblem?
2. På kva måte kan kontekstuelle faktorar medverke til pengespelproblem?
3. På kva måte kan strukturelle faktorar medverke til pengespelproblem?
Gjennom diskusjonsdelen ser vi funna i samanheng med teori og forsking, og samla peikar dette på ein kompleks problematikk. Det kjem fram at mange ulike faktorar kan medverke til at enkelte utviklar pengespelproblem. Av personlege faktorar ser vi at både ressurssterke menneske og menneske med meir samansette vanskar kan vere utsett for å utvikle slike problem. Dette handlar i stor grad om kva funksjon pengespel har for den enkelte. Pengespel kan ha ei regulerande effekt, og det kan tilføre spenning i livet til dei som kjenner på slike behov. Pengespel kan også vere sosialt, og mykje tyder på at kontekstuelle faktorar som miljø og kultur kan bidra til at enkelte utviklar problem. Vidare ser vi at strukturelle rammer som tilgang, reklame og mekanismar i enkelte spel kan vere ein viktig medverkande faktor.
Tiltak med fokus på å heve kunnskapen i befolkninga, samt strukturelle endringar som å avgrense tilgangen ytterlegare og innføre totalforbod mot reklame, kan bidra til at færre utviklar problem. Det er viktig å erkjenne at denne aktiviteten kan skape alvorlege problem og konsekvensar for fleire, og det er eit samfunnsansvar å legge til rette for at alle kan ta gode val for seg sjølve. Abstract
Gambling is a natural part of our society and culture, and many find pleasure in this activity. Nevertheless, there is a minority of the population who develop major difficulties in controlling the use of such games, and this can lead to serious consequences for the individual and for those close to them. This study seeks to find answers to what may be the reason why some people develop gambling problems. The experience is obtained through qualitative interviews with six experienced therapists who work with people with gambling addiction and have been doing this for several years. The study has emphasized the therapists' experiences in this area. The findings from this data material have been studied in the light of current theory and research, to seek and find answers to the question: In what way do the patients experience that various factors have contributed to gambling problems?
To operationalize the main question, three research questions have been drawn up, each of which can obtain information about different factors. These are:
1. In what way can personal factors contribute to gambling problems?
2. In what way can contextual factors contribute to gambling problems?
3. In what way can structural factors contribute to gambling problems?
Through the discussion section, we see the findings in connection with theory and research, and together this points to a complex problem. It appears that many different factors can contribute to some developing a gambling problem. From personal factors, we see that both resourceful people and people with more complex difficulties can be exposed to developing gambling problems. The reason for this is mostly about what function gambling has for the individual. Gambling can have a regulatory mechanism and it can add excitement to the lives of those who recognize such needs. Gambling can also be social, and there is much evidence that contextual factors such as environment and culture can contribute to some developing problems. Furthermore, we see that structural factors such as easy access, advertising and mechanisms in some games can be an important contributing factor. Focus on raising knowledge in the population and structural changes such as further restricting access and introducing a total ban on advertising, can contribute to fewer people developing problems. It is important to recognize that this activity can create serious problems and consequences for many people, and the society have a responsibility to make sure that everyone can make good choices for themselves.